History
-
-
Femring er båt med fem rom. Denne femringen kjem frå Vik notlag i Aure der båten sto då naustet rasa saman. Han vart truleg bygd for linefiske etter skrei, men seinare ombygd til notbåt. Båten er svært fint bygd og har ein botn som tyder på at det har vore ein god seglar.
Den typiske linebåten var gjerne ein femring og med forsterka atterskott slik denne båten har. Til linefiske vart ein slik båt manna med fem. Under draging kunne ein eller to dra lina, ein toske av og to eller tre kunne andøve.Denne femringen vart teken ut av skreifiske og gjort om til notbåt. Det skjedde truleg ein gong i dei store sildeåra i seint på 1800 talet. Denne båten har fått notbord på sidene, slik det var vanleg på notbåtar på Nordmøre. Det er også sett inn ein spelrull. Båten vart berga frå Vik i Aure saman med fire andre båtar frå det samanrasa notnaustet.
Båtbyggjar til femringen var truleg Lars Åkvik (Rabben). Det er ein finbygd båt. Etter botn å døme er det ein svært god seglbåt. -
Bruk - 1917
Notbåten ble i sin tid kjøpt fra Smøla, stasjonert i Vik i Aure fra 1917. - Brukssted Norge Møre og Romsdal Aure Vik sikker
-
Produksjon - Trolig bygd av Lars Åkvik(Rabben)
- Produsent Åkvik, Lars antatt sikker
-
Classification
-
- Båter og fartøyer (Outline) OU 501
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier KM.G.01014
- Part of collection Nordmøre museum
- Owner of collection Møre og Romsdal
- Institution Nordmørsmusea
- Date published October 8, 2020
- Date updated October 5, 2023
- DIMU-CODE 021028791336
- UUID d312e02d-a86b-4783-92b9-c91bc17debdd
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».