History
-
-
Bruk
- Brukssted Norge Telemark Seljord sikker
-
Eierskap
-
Produksjon - 1920 — 1960
-
Produsent (K)
Øverland, Oline Nilsdotter
-
History
Oline var dotter til Nils Knutson Kåterud frå Nes i Hallingdal. Mora var Sigrid Sollid frå Morgedal. Sigrid var andre kona til Nils. Han var skogfut hos brukseigar Aall. Heile livet var Olilne interessert i tradisjonsstoff, både åndeleg og materielt. Ho vaks opp i eit område og i eit miljø der tradisjonar, segner og folkekunst var kring henne på alle stader. På Østtveiten var systera Kjersti gift. Ho ovar kvedar og soguseiar av det gamle slaget. Ord og tonekunstnarane frå Tjønnstaul høyrde med på same slektstreet. Mor til Oline betydde mykje for dottera. ho var av Vaa-slekta og fekk plass på kunstindustriskulen og studera der i 1893-94. Ho fekk fleire kunstnarvener i byen og mange av desse kom på vitjing på Seljordsheii. Då Oline var 7-8 år, flutte ho til Ytre Øverland. Faren hadde døydd, og mora gifta seg oppatt med Niri Nilsson Bekkhus. I Øverlandgrendi var det og eit rikt tradisjonsmiljø.
Oline blei tidleg interessert i veving.Den dagen ho byrja på skulen gjekk ho i kjole sydd av tøy ho hadde vove sjøl. Rosesaum var ho og glad i. Ho sauma dukar og monterte bunadar både til seg sjølv og andre. Ho gjekk ein vinter på folkehøgskulen i Kviteseid, men heldt seg ellers heime på Øverland. Der tok ho del i gardsrbeidet, men prøva seg og litt som lærar. Det var på Øverlandsheii og i Nordbygdi i Seljord. Ho var og interessert i fotografering og samla mange foto av gardar som nå er nedlagde og huslause. Kunstveving fekk ho meir og meir hug til. Som ho sjøl seier det: "Ein vakker dag tok eg på meg skia og drog til Rauland. Der var det ei vidkjent vevlærarinne som heitte Johanne Nyland, og ho tok imot elevar". Oline fekk opplæring i teppeveving, plantefarging, knyting og binding. Då ho kom heim frå kurset sett ho opp teppevev. Ho fekk god avsetnad på telemarksteppa, men prisen var låg, kr 25,- . Dette var rundt 1925. Seinare, i 1933 eller 34, flutte ho til Seljord og levde av å veve tepper for salg. Ho kjøpte seg etter kvart eit hus på Klokkarstøgomoen ved Seljord kyrkje. Her heldt ho kurs i veving og plantefarging. Ho var og aktiv med i kulturlivet i bygda og var mellom anna ivrig på å få til eit bygdtun.
Oline hadde godt minne og var kunnskapsrik. I tillegg til det som var knytt til handverket ho utøvde, var ho opptatt av hardingfelemusikk og kveding.
Oline fekk ei dotter i 1927, Agnes Synnøve. Faren var svensk og etter krigen flutte Agnes til Stockholm, gifta og busette seg der.Det er ho som har gjeve Vest-Telemark Museum den verdifulle gåva av arbeid etter mora.
.
- Adresse, Telemark Seljord
- Fødested, Norge Telemark Seljord Seljordsheii Fiskhøl
- Profession Husmor Håndtverkar Veverske
- Gender Kvinne
- Nationality Noreg
- DigitaltMuseum Search in «Øverland, Oline Nilsdotter»
-
History
-
Classification
-
- Fremstilling av produkter av spunnet materiale OU 286
- Veving OU 286.3
License information
Metadata
- Identifier LB.09235
- Part of collection VTM Eidsborg
- Owner of collection VTM Eidsborg
- Institution Vest-Telemark Museum
- Date published August 27, 2020
- Date updated August 27, 2020
- DIMU-CODE 021028758424
- UUID D4FC1385-5ED0-4915-9961-EA68517B3A21
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».