Ei lusefjøl vart brukt for å lokke (vegg)lusa i ei felle slik at ein kunne ta livet av ho. Lusefjøla kunne ligge i den indre kanten av senga, opp til veggen. Lusa var "ute og gjekk ...
Ei lusefjøl vart brukt for å lokke (vegg)lusa i ei felle slik at ein kunne ta livet av ho. Lusefjøla kunne ligge i den indre kanten av senga, opp til veggen. Lusa var "ute og gjekk" når det var mørkt, men om ho fekk lys på seg så forvilla ho seg inn i sprekkar og hol. Det er fortalt i frå Vestlandet at det vart slått kokande vatn over fjøla med lusa i, slik at ho døydde. Ein kunne også sette fjøla opp i eldstaden. Begge metodane tok livet av lusa, og ein kunne ta livet av hundrevis av lus med denne metoden. Vi kjenner til at lusefjøler vart brukt både på Austlandet, Vestlandet og i Sverige.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».