Hornskei og hornskeipresse: To store klossar i tre er hengsla saman med jarn. På innsida er det laga til ei skeibladforma grop i den eine klossen, og i andre er det festa ein skeib ...
Hornskei og hornskeipresse: To store klossar i tre er hengsla saman med jarn. På innsida er det laga til ei skeibladforma grop i den eine klossen, og i andre er det festa ein skeibladforma klosse som passar ned i gropa. Dette er ei hornskeipresse nytta til forming av hornskeier. Horn vert delt på langs før det vert varma opp i vatn eller open eld. Emnet vert så plassert i hornskeipressa der skeia vert forma. Etter eit døgn i pressa er skeia klar til endeleg forming og pussing. Hornskeier kan ikkje vaskast i varmt vatn då dei mister formen (rettar seg ut). Nye skeier har gjerne ein vond smak som avtar ved bruk.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».