• Kvitt, tynt bomullslerret med sauma bord påsydd nede. Borden er sydd av kvit lin og lintråd i dobbelt uttrekksaum og raskerenning langs tverrkantane.  Nede er det ein smal bunden bord i kanten.  Oppe er forkledet foldelagt med framoverliggjande folder.  Frå venstre side 6 folder ca. 1,8 til 2,5 cm, til saman ca. 12 - 13 cm.  Så glatt parti på 12 cm og ei fold som går mot midtpartiet.  Midtpartiet er glatt - br. ca. 5,5 cm.  Deretter er forkledet folda som venstre side.  Dobbelt lagd linning.  Forkledet er skøytt i venstre side med smal saum. Saumrommet er nedsydd med faldesting.  Jare i sidene.  Handsydd.  Breidde forkle:  105,5 cm.   Lengde forkle:   101,5 cm.   Breidde bord:      9,7 cm.   Lengde linning:     58 cm.   Breidde linning:   2,2 cm.
    Photo: Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Forkle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to