Brystduken har hjartemotiv i perlearbeid sydd på raudt ullstoff. Hjartet er sydd med gullfarga stråperler. Kvit perlerrand innanfor og utanfor. Åttebladrose inni midten med to "stjerner" oppe i bogane. Desse er òg sydde med stråperler. Oppe og nede er det sydd på ein liten kant med eit ullstoff i anna binding. Dette er ein eldre brystduk som har fått nytt kant-/bakstykke av lin. Den har òg fått nytt bomullsband med rosemotiv øvst. Nedanfor dette bandet er ein gullfarga metallkvarding. Mogleg denne er frå den gamle brystduken.
Photo:
Museumssenteret i Hordaland