Uppluten sydd av blomstrete tøy og har perler bak. Kanta med ull og bomull. Bringekluten kan brukast på begge sider, raud på den eine, blå og lys gul på den andre. Forkleet kan og ...
Uppluten sydd av blomstrete tøy og har perler bak. Kanta med ull og bomull. Bringekluten kan brukast på begge sider, raud på den eine, blå og lys gul på den andre. Forkleet kan og brukast på begge sider, blått på eine sida, lyst på den andre. Beltet skal brettast ned, slik at det framleis viser rettsida ut, når forkleet blir bruka på den blå sida. Forkleet er kanta med blått fløyelsband. Forkle, stakk og bringeklut er pynta med agramaner i gull og sylv. Band til pynt, ingen broderi. Drakta kan brukast i ulike samanhengar. Høgtidskledd med raud bringeklut. Med kvitt forkle er det eit endå meir høgtidsprega. Dersom ein i tillegg har la og belteklutar så er det brurestakk. Brukar ein lærbelte, er det meir kvardagplagg. Drakta kan varierast med forskjellige skjorter, sylv, plagg, og kan passe til mange typar bruk. Med den lyse sida av bringekluten fram er det meir kjøkkenfargr og meir sommarleg. Utan bringeklut kan ein bruke silkeplagg i bringa. Med mindre pynt vert han tøffare, ein kan nesten bruke T-skjorte i staden for bunadsskjorte.
About the object
about
Uppluten sydd av blomstrete tøy og har perler bak. Kanta med ull og bomull. Bringekluten kan brukast på begge sider, raud på den eine, blå og lys gul på den andre. Forkleet kan og brukast på begge sider, blått på eine sida, lyst på den andre. Beltet skal brettast ned, slik at det framleis viser rettsida ut, når forkleet blir bru... Uppluten sydd av blomstrete tøy og har perler bak. Kanta med ull og bomull. Bringekluten kan brukast på begge sider, raud på den eine, blå og lys gul på den andre. Forkleet kan og brukast på begge sider, blått på eine sida, lyst på den andre. Beltet skal brettast ned, slik at det framleis viser rettsida ut, når forkleet blir bruka på den blå sida. Forkleet er kanta med blått fløyelsband. Forkle, stakk og bringeklut er pynta med agramaner i gull og sylv. Band til pynt, ingen broderi. Drakta kan brukast i ulike samanhengar. Høgtidskledd med raud bringeklut. Med kvitt forkle er det eit endå meir høgtidsprega. Dersom ein i tillegg har la og belteklutar så er det brurestakk. Brukar ein lærbelte, er det meir kvardagplagg. Drakta kan varierast med forskjellige skjorter, sylv, plagg, og kan passe til mange typar bruk. Med den lyse sida av bringekluten fram er det meir kjøkkenfargr og meir sommarleg. Utan bringeklut kan ein bruke silkeplagg i bringa. Med mindre pynt vert han tøffare, ein kan nesten bruke T-skjorte i staden for bunadsskjorte.
Dette er den einaste draka av denne typen, men kan vere in modell for vidare produksjon. Hillborg arbeider i nært samarbeid med kunden. Sylvsmed Aslak Aabø i Kviteseid har laga ei sprette med stein frå Afghanistan til denne drakta. Denne er i privat eige.
ProfessionLærar i kulturskulen, kvedar, dansar, skreddar
GenderKvinne
Other informationFrå intervju med Hill i 2001:
Far: Tarjei Romtveit, spelemann, smed, forteljar. Mor: Brita, dreiv med brodering og strikking.
Mormor: Hillborg Hjarpedalen kunne alt av husflidsteknikkar. Ho gjekk på Kviteseid Folkehøgskule i 1919. På denne tida vart fløyelslivet mykje bruka av fyresdølane.Det var ei brytningstid, alt frå byen blei forkasta. Idealet var bunaden der ein kunne gjere alt på plagget heime på garden.
Hill tok artium på norrøn line i Bø i 1973. Husflidsskule i Lunde, vev og saum. Blei ferdig i 1975. Ville etter det arbeide praktisk. Var mykje hos bestemora og lærde mykje av henne. Hadde sterk pliktkjensle i høve til å bere ting vidare, ho tykte ho måtte lære alle ting.
Ho var aktiv i Vinje Spelemannslag og heldt kurs. Ho var i det fyrste kullet som tok Folkemusikkstudiet på Akademiet i Rauland. Dette var i 1987-88. I 1995 reiste ho til skreddarmeister Åsne Hjarpedalen Jacobsen i Oslo og lærde bunaden og montering av denne.
(Intervjuet er i lydbandarkivet).
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».