History
-
NORGES BIDRAG I MALI
Noreg har ein styrke på om lag 65 personar og eitt C-130J Hercules transportfly i FN-operasjonen MINUSMA i Mali.
Saman med eit litt mindre ghanesisk fly er det norske flyet det einaste militære transportflyet som opererer for FN i det afrikansk¿e kjempelandet.
Raskt og sikkert fraktar flyet alt frå medisinar og militært utstyr, til såra menneske. Alternativet er militærkolonner som må køyre dagevis på dårlege og risikoutsette vegar.
Ein eigen norsk styrke frå Ingeniørbataljonen i Brigade Nord var i Mali hausten 2015 og vintaren 2016. Styrken er ein Theatre Enabling Force og etablerte den norske leiren Bifrost ved flyplassen i hovudstaden Bamako.
Det norske flyet flaug det første oppdraget sitt for FN 3. februar 2016 og har oppdrag fem dagar per veke. Etter planen skal det norske bidraget i Mali vare til november 2016.
Relation
- Object/Work – ComponentsThingPatch 335 skv Mali (LMU.510551-1)
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierLMU.510551
- Part of collectionLMU
- Owner of collectionLuftforsvarsmuseet
- InstitutionForsvarets museer
- Date publishedFebruary 27, 2020
- Date updatedMay 13, 2021
- DIMU-CODE021028533947
- UUIDbbfb6260-cd9e-4a07-a209-5b35b4faf893
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».