• Rektangulærforma sag med tverrstokk som deler rektangelet i to like store deler. Tverrstokken er felt inn slik at dei to sagarmane på kortsidene passar inn i innfellinga. Nedst har sagarmane ei sirkelforma utviding der det er bora hol, og i holet står ein kløyvd propp som endane på sagbladet vert leda inn i. Dei to langsidene i rektangelet er på eine sida sagbladet, og på den andre sida eit tvinna tau. Dette tauet blir halde i spenn ved hjelp av ein strekkepinne som har form som flat, kort stav. På langsida som sagbladet er på, er det handtak i kvar ende, det eine rundt, det andre svakt bua. Ein spikar går gjennom kvart handtak og samstundes gjennom endejernet på saga slik at sagbladet vert halde på plass.
    Photo: Bevaringstenestene MuHo / Hordamuseet

Sag

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to