History
-
Info/historikk fra giver Ole Birger Gjevre (Fagernes). Dette er et høytrykks acetylengassverk eller som vi sa, karbid dunk for å lage sveisegass. Ifølge merking produsert i 1949 av firmaet A.B EL- & GASSVETSNING (Gøteborg). Ole Birger Gjevre kjøpte gassverket av Ola A. Ødegaard, Fagernes, i ca. 2005. Han hadde det fra Oslo Pukkverk.
Gave til museet fra Ole Birger Gjevre i desember 2019.
Historien om Ole Birgers far forklarer også fremstillingen og bruken av acetylengass ved sveising.
FAR SVEISA MED GASS:
Far min, Kristoffer Gjevre (1912 - 1983) fekk koma i arbeid på Ford-verkstaden, Fagernes, i 1928. Seinare hadde han eigen verkstad og til ut på 1960-talet sveisa han med «gass». Surstoff vart kjøpt på store stålflasker frå Norsk Surstof & Vandstoffabrik A/S, Oslo, mens «gassen» laga han sjølv i ein stål-dunk (gassverk - generator) som hadde skuffe i botnen og vass-behaldar over. I skuffa vart det fylt karbid og når ein då opna krana for vatnet, rann det på karbiden i skuffa og gass vart produsert. Karbiden vart kjøpt hjå Rangv. Søreng, Fagernes, i slanke, tynnplata, rund-rilla, svarte behaldera. Dei var kanskje noko grovare og høgre enn ein 50 liters meieri-dunk Oppå var eitt lite lokk, der ein kunna plukka eller tømma ut karbid klumpane. Gassverket hadde manometer, slange på kopling, sikkerheit- og tilbakeslag-ventil. Når då karbidgassen og surstoffet vart samkøyrt i ein sveisebrennar, sveisa han med «gass». Autogensveising var ikkje så vanlig å seia før gassverket vart sett til side og både oksygen (surstoff) og acetylen (karbidgassen) vart kjøpt på stålflasker. Det gassverket far min hadde var dobbelt så stort (som dette) med to skuffer.
Produksjon: 1949 (Merking.)
- ProdusentA.B EL- & GASSVETSNINGsikker
- Production placeSverige Gøteborgsikker
Downloads
- File attachmentsArtikkel i Norsk Motor Veteran Nr. 2-2020 97161
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVM 00-G-09569
- Part of collectionNorsk Vegmuseum
- Owner of collectionNorsk Vegmuseum
- InstitutionNorsk vegmuseum
- Date publishedJanuary 8, 2020
- Date updatedMarch 4, 2020
- DIMU-CODE021028484366
- UUIDfcade460-a373-4240-8a43-c43a4687f090
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».