Grå rypesekk, bruka av Heidi Løvlund til å oppbevare og transportere instrument. Det store rommet kan utvidast eller strammast inn med snøring på sidene. Det er ei lomme framme på sekken og to litt mindre på sidene, som lukkast med belter. Det er to metallstenger vertikalt langs ryggen, og ein horisontalt forma som ein halvsirkel rundt livet. Sekken er noko slitt, og den eine skulderreima er forsterka med hyssing. I snøringa på den eine sida er det knytt eit fargerikt vevd band som heng laust ned.
Ein bagasjelapp frå SAS heng rundt den eine ryggreima, og den er frå ei flygning frå Førde lufthamn (FDE) til Sogndal Haukåsen lufthamn (SOG). Datoen er 21. juni, ukjent år.
Photo:
Bø Museum