• Undervassbåt til leik. Skore ut og snekra i malt treverk. Båten har avlang form med rektangulært tverrsnitt. Kantar på skroget er runda på langsidene. Baugen er rund og akterenden er spissa. I baugen er det festa augeskrue med hyssing. Akter har båten halefinner og haleror. Halefinnene er ei rektangulært forma treplate festa til undersida av skroget akter, med endane  som finner ut til kvar side. Haleroret har svakt dråpeforma tverrsnitt, med rettlinja kantar og er festa til toppen av skroget heilt akter. På toppen, framom midtskips eit tårn med dråpeforma tverrsnitt og rektangulær form sett frå sida. Festa til skroget med to spikrar frå toppen og ned i skroget. Framom tårnet er det ei finne på kvar side. Kvar finne har svakt dråpeforma tverrsnitt og rektangulær form sett ovanfrå, skore ut med ein tapp midt på eine sida, som er festa i hol i skroget. Under kjølen har ubåten to metallister i ulik breidde festa etter kvarandre med spikrar.
    Photo: Hordamuseet

Leike

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to