• Skrin i kistefasong. HAr svakt kvelva lok, og enkel fotlist over fire bein danna av stykke sett vinkelrett på kvarandre under kvart hjørne, med tilskore rett fot og kvelva sidestykke. Delene stifta saman, loket hengsla til skrinbet, lås - nøkkel (manglar). Leddik i v. side. Skrinet har mangefarga dekor på kvit botn, rosemåling: Store stiliserte blomar, blad, strå i bukettar dekkar heile flatene, også på leddiklok og innsidelok. Utsidelok er oppdelt i tre felt, og front i 2 av tverrgåande "gull" bord, etterkina jernbeslag på kister. "Gull"bord også om kantar og fotlist. På baksida måla "Gjem noget under laaget", med gotisk skrift. Laga ved århundreskiftet, masseproduksjon for sal gjennom husflidsutsal o.l. Truleg arbeid frå Os, Hordaland.
    Photo: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Skrin

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to