Valk laga av 2 hovuddelar av grå papp ca 2-3 mm tjukk. Delane er sydd saman med 2 saumar med litt avispapir mellom dei to pappdelane for at dei ikkje skal liggja heilt flatt. I rundingen for hovudet er det festa/sauma på, ein smal strimmel med papp som er polstra med noko (ull?) og trekt med bomullslerret. To knyteband er festa nede på valken for festing til hovudet. Type 3, snitt A, (Se Bunader i Hordaland, Universitetsforlaget side 243 - 246, 1987)
Photo:
Hordamuseet