History
-
- Det store emblemet var ei gåve til Odda Mannskor frå Laksevåg Mannskor, er det fortalt. Merket eller emblemet er avbilda i opptog i Kremarvegen på veg frå Torget i Odda under eit stort songarstemne. Far til Sigvald Waagen, Osvald Waagen, var kormedlem og hadde lenge oppbevart gjenstanden for mannskoret i garasjen sin i Hjøllovegen før det blei levert NVIM som gåve. Det er førebels ikkje kjent kven som laga dette emblemet, men korarkivet kan truleg fortelja meir.
Bruk: 1938 - 1969 (Kvitteringsskjema ved innlevering 1995.)
Odda Mannskor bruka emblemet i opptog.- Tidligere brukerOdda Mannskor (1923 - 1969)
- History
Odda Mannskor vart skipa 19. september 1923 i Brannstasjonen i Odda. Initiativtakar og første formann var postekspeditør Erling Moen. Første dirigent var organist i Odda, Haakon Jordal. Deretter dirigerte Andreas L. Eide, Nils Sæbø, Gunnar Somdalen, Johannes Gustavsen, Kaare Moe, Alf Johannesen, Sverre Leivestad, Torstein Halleråker og Odd Dancke Sunde.
Koret song offentleg første gong på Odda Ungdosmslag sin marknad i Ungdomshallen 16.3.1924, men første sjølvstendige konsert var 10.2. 1927.
Koret var arrangør/vertskap for Hordaland Mannssangforbund sitt stemne i 1929 og i 1955. Stemnet i 1929 var det første store songarstemnet i Odda. Koret var svært aktivt, arbeidde systematisk og var på mange songarstemne, også til Danmark i 1952. Aktiviteten gjekk nedover sist på 1960-talet og stoppa i 1969. Det finns eit fyldig arkiv etter koret med møtebøker til 1969 og medlemslister til 1972.
- Adresse,Norge Hordaland Odda
- DigitaltMuseumSearch in «Odda Mannskor»
- History
Relation
-
Object/Work – Components5 related objects
- ThingEmblem (NVIM-05331-1)
- ThingStong (NVIM-05331-2)
- ThingStong (NVIM-05331-3)
- ThingKasse (NVIM-05331-4)
- ThingStong (NVIM-05331-5)
References
- ArkivreferanserOLA/43 Odda Mannskor
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05331
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedFebruary 13, 2018
- Date updatedJanuary 10, 2023
- DIMU-CODE021027451806
- UUIDd61d52a7-cc7a-4b21-96cc-c2a07a2561d1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».