History
-
-
Frå arkiv: Det er heimelaga "ro"på båten. Desse er firkanta. Ingvald Sande, kjend båtbyggjar på Sørstranda i Gloppen, sa at då må båten vere bygd før 1880.
Sigurd Sande laga nye årer og tilfar til båten, då det vanta (fortalt av Knut Sande i 1989).
Elles lite opplysingar om båten i arkivet på museet.
Firkanta ro kan ein ha brukt sjølv om runde var i handelen.
Ukjent båtbyggjar.
Kan ha vore på garden. Kari Rindebø (gjevar/siste eigar)budde på Rindebø, eit bruk under Indre Fitje. Jakob Gunnarson Fitje (kjend båtbyggjar) budde t.d. (1864-1944) på bruk nr. 4, Kristenbruket på Indre Fitje.
NB: Bernhard Færøyvik har teikna ein færing som NFM har blåkopi av: Færing, nordfjordbåt, bygd av Jakob Gunnarson Fitje, lengd 5,03m, breidd 1,4m, dybde 0,48. Teikna 1917, i fylgje Færøyvik bygd rundt 1920. Kan dette vere denne båten?
Båten kan ha vore arv. Kari var ugift.
Kari Rindebø var oldeborn til Skulejo (Jon Jonson Hyenes f.1805). Skulejobruket, Austrheim. I 1866 fekk jektebyggjar Knut Jakobson Apalset skøyte på garden, og han gifte seg med syster til Kari Rindebø (f.1912) si bestemor (Johanne).
- Aksesjon 1971 (Innkomst til museet. Årsmelding 1971.) Gamal innkomst, ikkje museumsnummer.
- Produksjon 1850 - 1880 (Naglehovuda i saumen, men usikkert.)
-
Classification
-
- Båtbyggerfaget OU 396.11
- Båter og fartøyer OU 501
- Robåter OU 501.12
- Båter for roing og seiling OU 501.13
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.0000-07272
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published January 30, 2018
- Date updated January 30, 2018
- DIMU-CODE 021027434532
- UUID 27437857-6E13-4C04-AC6B-B2DBFB8D30D2
- Tags
Add a comment or suggest edits