History
-
Brev, notater og tegninger etter båtbyggeren Anders Lotsberg (1885-1977) på Indre Lotsberg, Kristenbruket (Tidlegare Gloppen kommune, no Eid kommune) i Nordfjord. Anders bygde båtar som var annleis enn det vi forstår som "nordfjordbåt-typen". Nordfjordbåten er mellom anna kjenneteikna av at øvste båtbordet (ripebordet) smalnar av i ein spiss mot stamnane. Bilete av ein båt Anders bygde, visar at øvste bordet på denne båten er like breitt heile vegen.
Anders hadde lært båtbygging av båtbyggjaren Jon Madson Ytre Henden (1874-1910) i Hennebygda. Etter 1910 skal Anders ha kjøpt huset til Jon med båtbyggjarverkstaden, og flytta det til Indre Lotsberg.
Båtane Anders bygde var truleg i Strandebarmarar/Hardangerbåt-tradisjon. Det var ikkje uvanleg at folk lærte seg å bygge Strandebarmar og tok med seg dette faget til andre plassar og bygde. Strandebarmaren vart oftast bygd med tre bord fram til ca. 1920, noko som gjer at mange i vår tid tolkar den som ein Oselvar.
Aksesjon: October 25, 2017
References
-
- LitteraturreferanseSoga om Gloppen og Breim band IV, s.152
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.2017-00013
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedOctober 28, 2017
- Date updatedNovember 2, 2017
- DIMU-CODE021027335660
- UUID42fca917-c1a8-4e1b-a184-fa353fbf1efc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».