History
-
I 1930 åra jobba Toralf på lensa, men dette var bare sesongarbeid og han trong inntekt ved sidan av. Han reiste til gamle-lensmann Sigurd Rinden å lærte seg å saume og trykke slirer. Han sat på kjøknet heime på Opheim i Kviteseid og arbeide med slirer og skaft. Blad kaupte han av Kjetil Haugelid i fyrstninga, seinare vart det blad av Tinn- smedar som vart sett i skjeftet. Dagane starta kl sju om morgonen og varte til seine kvelden, fortel dotter Astrid Ekre, som og hugsar at "flisane fauk" når skjefta vart spikka (12.06.2012). Etterkvart fekk knivane som Toralf laga tilnavnet "Kviteseidkniven". Produksjonen dreiv han fram til i 1976.
Avsetnaden var stor, to gonger i året reiste han til Skien med "den store Frelserarmè- kufferten sin" fortel Astrid, for å levere knivane til Covard og Holtskog som kaupte det meste han det han produsera. Noko vart og seldt til lokale kjøpmenn i Kviteseidbyen, Vrådal og på Odden i Morgedal (Gjersund- Bui). Knivane vart ofte bruka som gåver, og er sende ut over landets grenser av kvitsedingar og av andre vest-telar som ville gjera stas på sine.
Toralf starta som lensekar då han var seksten og eit halvt år gamal og heldt på med dette til han var 63 år.
Eierskap
Bruk
- BruksstedKviteseidsikker
Produksjon: 1930 - 1976
Classification
-
- LærindustriOU 282
- Organisasjon, trearbeidOU 322.91
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierKVB.0978
- Part of collectionKviteseid Bygdetun
- Owner of collectionKviteseid Bygdetun
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedOctober 26, 2017
- Date updatedOctober 26, 2017
- DIMU-CODE021027334247
- UUID7f1461e0-c154-48c1-adcc-45eb95c85df7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».