Nothøvelen vert nytta til å høvle not (spor), til dømes i panel og golvbord som har not og fjør. Høvelen er stillbar og ein kan såleis høvle med ulik avstand frå kanten av emnet.
Høvelstålet er nedfelt i høvelstokken og halde fast med ein kile. Vinkelrett gjennom stokken er det også felt ein jarndel med horisontal jarnplate til å regulere djupna. Den kan stillast som ein ynskjer med ein vengemutter. Breidda kan regulerast ved eit trestykke som kan festast i ønskt posisjon langs to gjenga trestykke, tappa gjennom ved hjelp av to "tremutterar" på den eine sida, og to profilerte treknottar på den andre. Det eine gjenga trestykket manglar dekorativ toppkule. I flukt med høvelstålet er ein fast jarnkant til å føre høvelen langs.
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum