To stenger av ulik tjukn, der den tynnaste og lengste går gjennom eit hol i den tjukkaste, slik at dei står vinklerett på kvarandre. Her er det ein liten trekile, slik at stengene skal sitja fast saman. I den tjukke stanga er det også sett i ein treplugg, som kan fungera som handtak, når posisjonen på stanga skal endrast. Den eine enden av den lange stanga er tjukkare, og her det sett i ein stor spikar som er litt bøygd og stikk langt nedanfor stanga. Verktøyet er ein tømmerriv eller ripmått, og vart brukt når ein rettar av ei side av eit emne og skal hogge det til ein dimensjon. Ein legg tømmerriven mot rettsida og medreg rettsida mot baksida.
Spikeren skal berre risse (som strekmåttet).
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum