Fra protokollen:
Stavkyrkjedyrr, etter segni fraa Botnedalen stavkyrkje i Mo. Gjord av 2 fureplankar, no ihophaldne med tvo treokar, med trenaglar, paa baksida truleg paasette daa dyrri vart umgjord fraa kyrkjedyrr til bursdyrr.
Dei 2 gongjarni (ikr. 3,5 cm breide, med holske midt-etter og ei rond hogne prikkar paa kvar side) paa framsida, som gjeng tvert yvi, kann derimot helst vera upphavlege, noko stilen tyder paa, t.d. dei 6 naglehausane, upptil 1,5 cm haage, gjorde som avstyvde kjeglar. Dyrri er no 1 m breid (den breidaste planken 59,5 cm breid), 5,5 cm tykk og paa lag 1,17 m haag; ho er avskori i baae endar, so ho kunde brukast til bursdyrr. Millom gongjarni er heile romet fyllt av dei tvo laasjarni, det eine for lykleholet, det andre for hurdringen, som er av vanleg millomalderleg svip, med klaatur rundt den runde ringen, klaatune av bronse, medan hitt er av jarn. Baae skraaine er like paa gjerd, i midten ei uppdrivi kistelaga plate, firkanta og uppdrivi i tri høgdir, toppsett og nagla til treet med stjørnelaga naglar (hausane). Ut fraa kista gjeng fraa kvart hyrna ein bladkvist, som byrjar i ein pærelaga bikar med tvo bladhorn, inni desse ei lykkje som ein blomknupp. Fraa midten av kvar side av kista gjeng bandjarn med utvidka bladknutar paa midten og i enden, der naglane stend. Heile jarnskraai er laga som tvo krossar lagde yvi einannan til ein 8arma "blekksprut", der kista læser yvi det heile og danar kroppen. Sume armar paa jarningi avbrotne, so ein ser berre av upphøgjingi i treet koss det hev vori. Paa kistune gjeng 2 prikkradir kring nedre kant. Laasen er burte; merke paa baksida etter der han hev legi er eit 49 cm langt nedgrop. Lykleholet nære 7 cm langt. Spor etter bursdyrrlaasen, som er nyare, viser seg av ei trikanta laasskraa, 7,5 cm haag. Tvert yvi og inn til midten (43 cm langt) gjeng eit grop, mogleg etter ei slag skote.
Um stavkyrkja i Botnedalen, sjaa R. Berge, Orm Aasland (med tilvisingar). Bilæte av dyrri i Johan Meyer, Fortids Kunst i Norges Bygder, Telemarken (VI), s. 35.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».