History
-
Ein skipsbåt vart på jektene brukt til å buksere jekta i stilt ver og i hamnene og til å føre varer og folk til og frå jekta. Skipbåten måtte tole tyngda av jekteankeret når det skulle lettast or botnen, og han måtte vere så stor at de var rom for folket om bord om dei skulle forlise.
Når skipbåten skulle slepast, måtte han halde bein lei etter jekta. SKipbåten til Holvikejekta var laga så han høvde for sleping: Di meir jekta rende, di meir ville skipbåten fløyte seg opp framme. Då han er brei bak, hefte han i sjøen, så han følgde i bein lei etter jekta.
Denne breie og sterkbygde båten tolte harde støyter mot jektesida og mot bryggjer. Dei to ankera på Holvikjekta, eitt på 10 våger (180 kg) og eitt på om lag 6 våger (102 kg), bar han lett. Om dei leid skipbrot, kunne seks mann sitje med kvar si åre og styrmannen med ei styreår i bakrommet.
(kjelde: Færøyvik 1978: Norske båtar, band V; Vestlandsbåtar" s.125-126)
Aksesjon: 1911 - 1912 (Truleg)
Innkjøpt til Nordfjord Folkemuseum
Relation
References
-
- LitteraturreferanseNorske båtar, bind V, Vestlandsbåtar, Ø.Færøyvik 1978 s.125-126.
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.0000-07270
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedMarch 15, 2017
- Date updatedJuly 12, 2022
- DIMU-CODE021026941767
- UUIDd6186996-bef9-4af8-b6e6-4bb009af1660
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».