• Biskop Skaar
Johannes Nilsson Skaar (også skrive Johannes Nilssøn Skaar) (15. november 1828–13. desember 1904) var ein norsk biskop og hymnolog.Han var fødd på garden Skåro ved Fyksefjorden i Hardanger og voks opp i ein haugiansk heim. Han tok teologisk embetseksamen i 1857 og vart ordinert som kapellan i Nord-Aurdal i 1858. 1862 vart han kapellan i Skien, og i 1872 sokneprest i Gjerpen.Medan han var i Gjerpen, skreiv Skaar fleire salmar og gav ut boka Lovsang og aandelige Viser. I 1879 gav han ut tobandsverket Norsk salmehistorie som tek for seg bakgrunnen til salmane i Landstads kirkesalmebog.I 1885 vart Skaar utnemnd til biskop i Tromsø. Han engasjerte seg i arbeidet for samane, og omsette sjølv nokre salmar til samisk. Som biskop skreiv han til kyrkjedepartementet og bad om pengeløyvingar slik at Bibelen kunne omsetjast til samisk. Då departementet ikkje ville tilrå ei slik løyving, skreiv han i staden til prestane i bispedømmet og bad dei organisere ei privat innsamling til omsetjingsarbeidet. Skaar var med å stifte Norsk Finnemisjon. Sørfrå hadde Skaar med seg ein skepsis til læstadianismen, men han fekk etter kvart sympati for den læstadianske rørsla.I 1892 vart Skaar overført til Trondheim, der han var biskop til han døydde i 1904. Han vart gravlagd ved Gjerpen kyrkje.
Signert bilde
    Photo: Johnsen, Bjørn / Ringerikes museum

tegning

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to