Motivet på postkortet syner småbruket Åsen i Hovdebygda, der språkgranskaren Ivar Aasen (1813-1896) vart fødd og voks opp. Biletet er teke i nordaustleg retning, og samanlikna med liknande fotografi av Åsen er vinkelen noko annleis. Framme ser vi ei lita bjørk, om lag i midten av biletet det som må vere smia (seinare flytta nedom Gamlevegen), til høgre Gamlemuseet frå 1898 med Aasen-bautaen bak, og heilt i midten bak ser vi drengestova, for ein stor del dekt av Storbjørka. Under Storebjørka står det ei kvinne med det som truleg er ei folkedrakt.
Photo:
Nynorsk kultursentrum
(Opphavsrett)