Frå Kulturhistorisk Vegbok. Tema; Den gløymde soga.
Side 28
GRØNSTEINFOLKET
I SUNNHORDLAND
Ytst i Bømlo kommune, nordvest for
Espevær, ligg Hespriholmen. Den som fer
framom i båt, ...
Frå Kulturhistorisk Vegbok. Tema; Den gløymde soga.
Side 28
GRØNSTEINFOLKET
I SUNNHORDLAND
Ytst i Bømlo kommune, nordvest for
Espevær, ligg Hespriholmen. Den som fer
framom i båt, vil i den stupbratte vest -
veggen leggja merke til ei flat hylle nokre
meter oppe i berget. Dette såret i berget
kjem ikkje av naturkreftene. Det er menneskeverk.
Her tok sunnhord lendingane
til med bergverksdrift for meir enn 8000
år sidan (®203).
Heile Hespriholmen er av grønstein, av
eit særskilt tett og seigt slag som lett kan
formast til gode økseemne. Kvaliteten var
så god, at folk sette livet på spel for å få
fatt i han. I opne båtar har dei teke seg
fram til den vesle holmen, brote laus stein
og lasta om bord i skrøpelege skinnfar -
kostar. Så rodde og padla dei seg fram, dei
4-5 kilometerane inn til Vespestadvågen
og Langevågen, som den tid hang i hop
og delte det sørlegaste Bømlo i to.
I markene her, på Vespestad og Eide,
Voll og Hovland vrimlar det med hoggeplassar.
Her sat steinalderfolket og hogg
seg øksar av båtlastene frå Hespri holmen.
Det var stor etterspurnad etter desse
øksane, og grønsteinbrytinga i Hespri -
holmen varte ved i meir enn 4000 år.
Kunnskapen om den utifrå gode grønsteinen
har vorte levert vidare frå mann til
mann gjennom minst 130 ættleder.
Øksane frå Hespriholmen har vorte
spreidde vidt omkring, men mest i dei
ytre delane av Hordaland og Rogaland.
Frå Sogn og nordover, og frå Agder og
austover, var andre økseråstoff i bruk,
særleg diabas. Grensene mellom grønstein-
og diabas-områda er så markerte og
endra seg så lite over tid, at ein kan vera
freista til å tolka dei som territoriegrenser
mellom ulike «folk». Og i Sunnhordland
budde «grønsteinfolket».
Slike økser blei brukt gjennom heile steinalderen på Vestlandet, frå omlag 9000 til 1800 år før vår tidsrekning. I tillegg til den vulkanske bergarten, rhyolit, som ein kunne finna på Siggjo i Bømlo, henta fangstfolk i yngre steinalder grønstein til økser på Hespriholmen. Øksene var i denne perioden flatare og breiare enn i eldre steinalder, med tjukk nakke og brei egg. Økseforma stein blei brukt til å fella tre til blant anne stokkabåtar, telt og hytter.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».