Part of exhibition
History
-
Ei "kola som ein seier på sunnhordlanmål, er ei lampe som brenn på tranfett. Dobbeltkolene er den mest alminnelege kole-typen brukt på Vestlandet og i Nord-Noreg heilt opp til slutten av det 19.hundreåret. Kola heiter på gammalnorsk "lysi steinn" eller lysi kola,"og "lysa" er det gamle norske ordet for tran. Kola var altså ei lyskjelde med tran som energikjelde. Den finaste olja kom frå sel og kvalspekk, medan tran frå torske- og seilever, saman med anna fiskeavfall. og blei brukt. Kola er eit typisk kystfenomen då det her var god tilgang på tran.
Koler av jern, slik som denne, var ikkje vanleg før på 1700-talet. Dei hadde ofte eit handtak slik at lyskjelda kunne hengjast opp. I dei doble kolene er underskåla sin funkjon å samla opp olje som renn ut over den øvste skåla.
Frå arkeologiske utgravingar kjenner ein til steinkoler av kleberstein forma som tjukke skåler med eller uten handtak. Kleberstein er lett å forma og er ein god varmeleiar slik at fettet kan halda seg flytande så lenge kola brenn.
Classification
-
- MetallhåndverkOU 326
- Varme og lysOU 354
- BelysningOU 354.1
- LysOU 373
License information
Metadata
- IdentifierSF.006565
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedJanuary 11, 2017
- Date updatedAugust 2, 2019
- DIMU-CODE021026856061
- UUID59a4d1da-c0f8-47ab-a7a1-cbef9f17037f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».