History
-
Legekofferten til overlege og distriktslege Hans Chr. Wennevold. (1896-1988). Wennevold var overlege ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid frå starten i 1936 til 1968. Han var også i lange periodar distriktslege i Eid kommune. Wennevold var også ein habil amatørmålar. Han fekk kongens fortenestemedalje i gull. Ved overrekkinga av medaljen vart han takka for den store og heilhjarta innsatsen for Nordfjord sjukehus. Ei byste av Wennevold er reist ved inngongen til dette sjukehuset (kjelde nrk SF fylkesleksikon 24.januar 2011).
Wennevold var kjent for stor arbeidskapasitet, faglege dugleik og godt humør. Han var spesialist i kirurgi og radiologi. Han var fødd i Oslo og arbeidde som lege fleire stader i Noreg (Rikshospitalet, Oppland fylkessjukehus, Stavanger sjukehus, Kysthospitalet i Hagavik, Betanien Hospital i Bergen og Trondheim sjukehus) før han kom til Nordfjord (Kjelde: Kulturhistorisk leksikon Sogn og Fjordane, Kleppa) (sjå elles referanse til nettsider).
Usikkert kor lenge legekofferten var i bruk. Det er mynter oppi den, og ein mynt er frå år 1973.
Aksesjon: 2010 (Mottaksskjema)
Gåve frå Lars LundeBruk: 1922 - 1968 (Den tida han var yrkesaktiv. På Eid frå 1936.)
Legekofferten til overlege H.C.Wennevold- BruksstedSogn og Fjordane Eid SFsikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNFM.2000-00056
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedNovember 23, 2016
- Date updatedJanuary 27, 2023
- DIMU-CODE021026782982
- UUIDbf01a475-b22c-4e8b-bed8-5e3966b34ffc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».