• Jf. "Katalog for Lom Bygdesamling, 1925. Utarbeidd for Lom Heimbygdlag ved O.A". inneholder Aukrustsamlingens nr.: "100-161, 62 selatre & høvrel. Arbeid av Klukkstad, Skjaak-Ola, Sev. Sperrstad, Sylfest Skrinde osv. Alle fra Lom og Skjåk. 30 selatre og 32 høvrel. NB. Desse tre er mest alle dei eldste typur i Gudbrandsdalen, some skriv utan tvil fra fyre reformasjonen".
Høvre i bjørk. Raud og gul akantusskurd på svart botn. Krona på toppen er burte, likeeins eine tømmefestet. Jernfester i kvar ende til (DIAL:) uppholdsreim. Jernbeslaget til eine reima sitt på eine festet. To jernfester for høvreballer. Det eine jernfestet er laust.  Jernkrok på sia på midten. Slitasjespor i tømmefestene.
DEKOR. Høvret har akantusskurd med c-former og bladskurd uten ranke i rokokkostil; de røde og gule fargene var vanlig brukt på slutten av 1700- og begynnelsen på 1800-tallet.
BRUK. Høvre og bogtre høyrer saman. Dei utgjer dei viktigaste festeanordningane for seletøyet og er saman med på å fordele trekkbelastninga på dyret. Høvret er plassert framme over ryggen på hesten. Det har hol eller ringar som tømmane blir ført igjennom og er samstundes festepunkt for rygg- og berereimer. Berereimene går vidare nedover og er kopla til draget/skåken.
Bogtrea er festa til kvarandre over nakken med ei nakkereim og rundt brystet med ei brystreim. Midt på treet er det hol for feste av dråtten. Dråtten, ei 6-7 cm. bred, stiv lærreim, blir i motsett ende festa til draget/skåken.
    Photo: Gudbrandsdalsmusea

Høvre

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to