History
-
-
Fra Bø-soga:
"Hans Kleppen er fyrst og fremst kjent som skihoppar. Frå midten av 1920-åra til krigsutbrotet var han ein av dei fremste skihopparane våre. I 1926 starta han for fyrste gong i Holmenkollen som junior, og var med der i 15 år, siste gongen i 1946. Damenes pokal for beste hoppar fekk han i 1928, 1931 og 1937. Før 1943 hadde dei store nasjonale renna bare kombinert klasse, og Hans Kleppen gjorde det best også i løypa. Han tok såleis i 1928 Kongepokalen ved landsrennet i Morgedal, og slo sjølvaste Johan Grøttumsbråten. Han var i desse åra med i ei mengd renn innanlands, der han hevda seg særs godt i hoppbakken. Han var såleis beste hoppar ved hovudlandsrennet på Kongsberg i 1929 og blei Noregsmeister i spesielt hopprenn i Porsgrunn i 1934. Hans Kleppen representerte fleire gonger Norge i utlandet, og var utteken til 2 olympiadar, i 1928 i St. Moritz og i 1932 i Lake Placid. Han var med i internasjonalt renn i Klosters i Sveits i 1928 der han blei nr. 2, og i eit internasjonalt renn i Zakopane i Polen (VM) i 1929, der han fekk 3. premie i spesielt hopprenn. Som senior blei han uoffisiell Noregsmeister 4 gonger. Hans Kleppen var med på overgangen til storhoppbakkane, og hadde sitt lengste hopp i Narekollen på 90 m". -
Aksesjon - February 20, 2009
-
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier BØB.2015:0108
- Part of collection Bø museum
- Owner of collection Bø Museum
- Institution Bø Museum
- Date published April 29, 2016
- Date updated January 5, 2023
- DIMU-CODE 021026400510
- UUID 0724a3f6-609c-4389-93a7-2b6c0ebc2f11
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».