• Jf. "Katalog for Lom Bygdesamling, 1925. Utarbeidd for Lom Heimbygdlag ved O.A". inneholder Aukrustsamlingens nr.: "100-161, 62 selatre & høvrel. Arbeid av Klukkstad, Skjaak-Ola, Sev. Sperrstad, Sylfest Skrinde osv. Alle fra Lom og Skjåk. 30 selatre og 32 høvrel. NB. Desse tre er mest alle dei eldste typur i Gudbrandsdalen, some skriv utan tvil fra fyre reformasjonen".
Høvre i bjørk med jernfester. Raud og blå akantusskurd på blå bakgrunn. Malt rødt rutenett mellom skurdpartiene. Kule i toppartiet. Skore i eit stykke med inntappa forsterkinger ved hull til høvreballer. Jernringer til tømmene og reimfester ytterst til (DIAL:) uppholdsreim. Jernfeste øverst under kula. Uvist kva denne har blitt brukt til. Har vore reparert med jernnagler og beslag rundt ene tømmerfestet og på toppartiet.
DEKOR. Akantusskurden minner om stilen til Jakup Rasmusson Sæterdalen, Lom/Vågå (1756-1821): en klar og rein skurd med bladkrøller ut til siden. Det skråstilte sprinkelverket er et stiltrekk fra rokokkoen (ca. 1750/1775-1780/1800). Andre objekt i Sæterdalenstil er LBY0149a, LBY0174, LBY0456.
BRUK. Høvre og bogtre høyrer saman. Dei utgjer dei viktigaste festeanordningane for seletøyet og er saman med på å fordele trekkbelastninga på dyret. Høvret er plassert framme over ryggen på hesten. Det har hol eller ringar som tømmane blir ført igjennom og er samstundes festepunkt for rygg- og berereimer. Berereimene går vidare nedover og er kopla til draget/skåken.
Bogtrea er festa til kvarandre over nakken med ei nakkereim og rundt brystet med ei brystreim. Midt på treet er det hol for feste av dråtten. Dråtten, ei 6-7 cm. bred, stiv lærreim, blir i motsett ende festa til draget/skåken.
    Photo: Gudbrandsdalsmusea

Høvre

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to