Part of exhibition
History
-
Henry Ford ville overføra erfaringane frå produksjonen av T-Forden og laga ein lett traktor, som eigna seg til masseproduksjon. Den første prototypen stod klar allereie i 1907. Denne var ikkje stort meir enn ein T-Ford med traktorhjul.
Ford intensiverte utviklingsarbeidet etter utbrotet av første verdskrigen, og kom med Fordson F i 1917. Det geniale var at ramma var fjerna, og motoren, girkassen og akslingen bak utgjorde éi eining i støypegods. Slik blei drivverket skjerma for støv og skit. Resultatet var ein enkel og billeg traktor. Han hadde eit godt forhold mellom vekt og kraft, og var lett å handtera. Fordson F var så kort at traktoren kunne plasserast sidelengs i ei jernbanevogn. Dette gjorde han også billeg å transportera.
Fordson F fekk bønder til å investera i sin første traktor, og sette slik fart i mekaniseringa av jordbruket. Snart kopierte alle traktorprodusentar denne modellen. Fordson F blei laga fram til 1926. Då var han produsert i 750 000 eksemplar, det meste som nokon gong er laga av ein traktortraktormodell. Den største kunden var Sovjetregjeringa som i 1926 bestilte 25 000 eksemplar.
Det var gode tider då Motortrading A/S byrja å importera Fordson F til landet i 1919. Frå før var det 20 traktormerke på den norske marknaden, og Fordson sleit med å koma inn. Optimismen forsvann brått med den økonomiske krisa frå 1921. Forhandlarar gjekk konkurs, eller ga opp salet. Produsentar forsvann også, og det blei vanskeleg å få tak i reservedelar. Bøndene blei meir skeptiske til den nye teknologien. Den einaste traktoren som blei marknadsført gjennom heile mellomkrigstida var Fordson. I perioden 1921-1935 dominerte dei salet åleine, dette var Fordson si tid i Norge. Denne traktoren er frå 1924, då blei det seld 69 Fordson F i landet.
Produksjon: November, 1924
- ProdusentFord Motor Company
- Production placeUSA Michigansikker
Eierskap: 1924 - 1976 (Far til Martin kjøpte traktoren.)
Gjevar til NTM- Tidligere eier Mikkelsen, Martinsikker
- BruksstedNorge Akershus Nes A Vormsundsikker
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1999.22.03
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedJune 5, 2015
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE021025875995
- UUIDa3116a75-e3da-42b8-ab2b-69d8bea52d0d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».