Part of exhibition
History
-
Ferguson starta produksjonen av ein engelsk utgåve av Ford Ferguson 9N allereie i 1946. Traktoren, Ferguson TE20, fekk kallenamnet The Grey Tractor, i Norge Gråtassen. For mange nordmenn er det dette som er Traktoren. Han blei produsert til 1948. Då kom Ferguson TEA20, produsert til 1956.
Under 2.verdskrig hadde Standard Motor Company laga flymotorar for den engelske regjeringa. Dei var på jakt etter ein ny bruk av dei tomme lokala i Coventry, då Harry Ferguson kom inn i bildet. Avtalen blei at Ferguson skulle ha ansvaret for design-, utviklings-, sals og servisearbeidet, medan Standard Motor Company skulle laga traktorane. I byrjinga hadde dei motor frå USA (1966cc Continental Z-120), Ferguson TEA20 fekk Standard motor.
Christian Eik i Eik Maskinforretning AS opparbeida eit godt forhold til Harry Ferguson under krigen, og var klar til å selja den nye Ferguson TE20 allereie i 1946. Han var oppfinnsam i marknadsføringa, og god til å påverka myndigheitene. Til dømes når han pressa på for at bøndene skulle få refundert bensinavgifta, eller for at myndigheitene skulle ta inn fleire Ferguson TE20, og færre av dei andre merka. Han var overtydd om at traktoren var løysinga for det norske jordbruket, og at blant traktorane var Gråtassen den best eigna for norske forhold. Christian Eik var den fremste pådrivaren for traktoriseringa av norsk jordbruk, meiner historikaren Harald Espeli. I reklamen spela han på kjenslene, traktoren var symbolet på ei ny og moderne tid. Og han tala til fornufta.
En har gjerne lov å se romatisk på tingen og si at hesten og jordbruket hører saman, men en må da samtidig vere klar over at romantikk og rasjonell lønnsom produksjon er begreper som meget vanskelig lar seg forene.
Han siterte også flittig positive bønder:
Uten traktor – 4 hester. Med Fergusondrift - 1 hest. Med 3 hester mindre sparer jeg 10000 fôrenheter. 100 fôrenheter gir 130kg mjølk. Jeg kan da ha minst 3 kyr mer i året. Og levere 12000 kg mjølk mere til meieriet. Og den tia som går med til hestestellet om vinteren – den kan brukes i fjøset.
Det blei laga meir enn 517 600 Gråtassar. Dette er ein av dei tidlegaste, frå tida rett etter at Ford sa opp The Handshake agreement. Erling Tjelta eigde traktoren før han kom til museet. Traktoren er måla over. Ein ser det tydeleg på panseret, der skin den opphavlege fargen gjennom nokre stader.
Produksjon: 1947 (1947 -49)
Med produksjonnummer 6919 er han produsert tidleg på året.- Production placeStorbritannia Coventrysikker
Relation
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1985.0002
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedJune 5, 2015
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE021025875726
- UUIDbfb65f85-0a8a-457d-a662-ed2f64d089e4
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».