History
-
Utdrag fra Martin Sælids protokoll (Gjenstandsnr. 8, bok 1):
Med denne kniven drap Aslagson på Gullhaug [husmannsplass under Nørre-Rølling] husverten sin, Mons Nørre-Rølling [ukjent person, men fra plassen Nedre Røllång?] ein andags julekveld. Aslagson var buande på plassen Opullhaug [?] og var husmann hans Mons Nørre-Rølling som eigde plassen- Aslaugson var ein liten veikbygd kar som hadde sliti og lide myrkje vont hjå han Mons som var ein stor førkar ein tyrk og harddrivar. Vennskapen i myljo dessa to karo hadde minka. O kålet vøkse gjennom åri, og dei siste dagen bar det so til: Det var andag jul, han Mons for på Vestsida av Strandifjørden for å gjeste ein del slekt som han hadde på noko garder der. Han gjeste fleire av dei um dagen og var på fleire stellor, det hadde vorte mykje drikking um dagen, og uroli å usvarig [?] var han alle stader han var, på den siste staden han var masn [?] dei med at han skulde vera til um morgon men, han Mons stal seg ut. Han dro deretter "snøggaste vegen" til Røllong.
Kl 7 Kvelden i andag jul kom Aslagson ruslande ned til Røllong for å treffe han Mons, vistnok for å få ordne med litt arbeidsreiskap. Han sporde så om han var heime, men då han ikkje det vart han sitande vente ei stund men tilslutt gjekk han, men han gjekk bare utum stoveveggen og sette seg på møllebenken der. Det var mørke kvelden og ingen såg han, han kvidde seg vel for å dra heim for magen var kanhende tom og flere tome mager hadde gan å syta for i Gullhaug. Han vart sitande der til snøen hadde blåna rundt sisten på han og spikka i den gamle tømmersveggen med kniven.
Han Mons kom inn på golvet på Røllong full og vill og sporde med eingong etter um Aslagson hadde vore der. Kjeringi hans Mons sa at det hadde han, men var då gadd for ein stund sitande. Dette hørte Aslagson som sat utta veggen og han skreik at "Her er eg". Han Mons snudde utat og karane treftest ut på gardstunet, der flaug han Mons på Aslagson og det vart slagsmål. Aslagson var liten og lett og kunna ikkje i lengden kvige [?] seg for han Mons som var stor å tung og det bare overende i kanten på ein timmerdunge [?] med Aslagson under. I fallet røste det ein del sn fra timmerdungen og over ansiktet på Aslagson so han helt på kvorne [?], då var det at han med eine handi fekk drage kniven å trekke den rett i hjarta på han Mons so han låg dau på staden. -Lenssmannen vart i hug og hast varsla, han kom trea [juledags]morgon med mannskap for å arrestera mordaren. Det vart stilt mannskap på alle vegar som gjekk ut frå Gullhaug for at Aslagsen ikkje skulle få rymt, dei gjekk alle likt inn til stova, der sat Aslagson på peiskrakken. Han hadde vaska seg og kjemma seg og gjort seg i stand å sat og venta på dei med kniven ligjande blout jamsedes [?] seg på krakken.
Han hadde glømd vottane sine nede på Røllung kvelden før og till inn treadagsmorgen sende han ei av småjentene sine ned til Røllung etter dei. Han skreik etter ut gjennom døri då ho gjek: "Sjå no ette um han Mons e full i dag".
Kost Aslagson bart dømt veit eg ikkje men eg har hørt fortalt at han hadde sakt at han ikkje angra på det. Dette hende runtom 1850 åri. Her tek eg med litt av det eg skreiv i Magasinet For Alle nr. 28 for 12 juli 1958 der kniven var avbilde.
Kniven kom i min bestefars eige på slikt vis: "Det var dårlig med lekjarar i Valdres som mange andre stader på denne tid, og min farsyster som var fødd rundt 1850-åri, fekk i barneåri ein utvekst over eine auga. Den doktorshjelp som var å få hjelpte ikkje, og utveksten truga med å gjera henne vannskapt, og blind på eine auga. Det var då mange den tid som trudde t mordvåpen hadde ein magisk lekjande verknad, ner ein strauk den skjukstaden med mordreiskapen. Lensmann Gunnerius Hansen som var lensmann i N. Aurdal på den tid, og ein venn av bestefar, gav bestefar denne mordkniven som han hadde i si varetekt. For å prøve det siste middel. Kniven kom soleis tilgards og har vore her sidan, han er no i mi eige. Like til mine barneår gjekk han på lån rundt bygdi som "doktor", so det ofte var uråd å vet a kor han var. Men han har ikkje greid tevlinge med dei nye doktorane, so dei siste 50 åri har han nuy sitt olune [?] i ei skatollskuffe.
Bruk: 1850 (Martin Sælids beretning om gjenstanden i bok 1 (gj.st.nr. 8). Han daterer bruken av den til rundt 1850.)
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF 19301
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedMarch 18, 2015
- Date updatedJuly 21, 2020
- DIMU-CODE021025818471
- UUIDf3a532b2-2600-4834-a751-95c41c097428
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».