Ivar Aasen nemner kjøp av tøfler eller filtsko fleire stader i dagbøkene.
9.1.1857: "Kjøbt Filtsko, Nattrøie &c."
8.7.1864: "Et par Tøfler, 1 dl"
7.2.1865: "Nye Filtsko 1 dl 114 s"
23.12.1867: ""Nye Filtsko. Frosset meget"
14.6.1871: "Et Par Tøfler 1 dl, 60."
8.12.1876: "Et Par Filtsko"
6.8.1877: "Kjøbt et Par Tøfler"
27.12.1878: "Filtsko"
31.10.1879: "Nye Filtsko"
23.10.1885: "Frost. Filtsko: 2 kr"
1.3.1886: "Nye Filtsko"
28.3.1891: "Et Par Filtsko"
20.10.1892: "Et Par Filtsko 3,50"
21.12.1892: "Filtsko 2,50"
Tøflene hans vart altså skifta ut ofte, og dette paret må vel vera eit av dei to para han kjøpte i 1892.
Anders Hovden nemner òg tøflene til Aasen ved eit høve:
"Korleis stend det med deg med pengar?"
Alltid same svaret. "Eg hev ikkje noko pengar."
Og då tok denne reikingi hans til over golvet - kor eg ser det for meg enno!
Han drog seg seint og smått burt til pengeskuffa.
Toflone var for store og lekta, hosehælene var orslitne, so nakne hælen blenkte gjenom - å de norske gjentor, aldri skal eg tilgje dykk desse ubøtte hosehælane hans Ivar Aasen!" (AH: Ivar Aasen i kvardagslaget 1996, s. 39). Dette må ha vore tidleg på 1880-talet.
Walton er inne på at Aasen hadde store føter, med utgangspunkt i skopar og tøfler i samlinga våre, og teikninga til Uthuslien, som mellom anna er brukt saman med nekrologen på framsida av Dagbladet. Han nemner i forbifarten at Hovden rett nok har skrive at tøflene til Aasen var for store. Dei snakkar høgst truleg om to ulike par tøfler - dei tøflene Aasen hadde på seg då han gav pengar til Hovden kan ikkje vera dei tøflene me har i samlinga i dag.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».