History
-
-
Peter Østbye og brødrane hans starta skifabrikk tidlig på 1900-tallet. Peter Østbye utvikla på 1930-tallet landets største skifabrikk, Splitkeinfabrikken. Splitkein er laminerte treski med smale striper av tre som er lima saman lag på lag. Patenten til dette produktet kjøpte Petter Østbye av Bjørn Ullevålsæter. Splitkeinfabrikken vart etablert i 1935. Mange hadde fram til då eksperimentert med laminert treski, men det var fyrst etter 1939 at denne produksjonen og etterspurnaden skaut fart. Då klara kjemikerar å utvikle eit lim som var sterkt nok til å halde skia saman.
Gresvig sport vart etablert av Aksel Gresvig i 1901, og starta i 1908 produksjon av Diamant syklar. i !969 vart G-sport kjeda etablert. I dag har Gresvig-konsernet (G-sport) over 200 butikker.
Kandaharbindingen er ein skibinding som består av ein vaier som går frå strammemekanisme frammføre skiskoen, rundt skiskoen bak hælen og tilbake. Bindingen er konstruert av sveitseren Guido Reuge i 1932.
-
Produksjon - 1966 — 1975
-
Produsent (K)
Splitkeinfabrikken
-
History
Peter Østbye og brørne hans starta skifabrikk tidleg på 1900-talet i Brugata 3c. I 1919 skilde brørne lag som forretningspartnarar, men Peter overtok Brugata 3c. Her utvikla han på 1930-talet landets største skifabrikk, nemleg Splitkeinfabrikken. Østbye kaupte i 1935 patent på ski med splitta såle i seks-åtte delar av Bjørn Ullevoldsæter. Limeprinsippet minna om "split cane" som på engelsk blei nytta om limte fiskestenger, og Østbye insistera på å skrive med "k" for at namnet skulle lyde norsk.
Thor Gotaas skriv at «Splitkein var et utklekningssted for skiløpere og skimakere». Utøvarane stakk innom Brugata 3c «vel vitende at Østbye spanderte middag og ga godkjøp mens de snappet opp utstyrsnytt og annet sladder.» På fabrikken i Brugata ansatte Østbye fleire av landets beste skilauparar, blant anna Oddbjørn Hagen og Bjarne Iversen. Firmaet Splitkeinfabrikken var einefabrikant av Splitkeinski, som fekk Grand Prix på Verdensutstillinga i Brüssel i 1935.
I 1947 kaupte Laila Schou Nilsen og Fridtjof Riberg Østbyes Salgskontor (etablera av Peter Schou Østbye i 1935, skifta namn til Splitkeinfabrikken i 1937), og det nye namnet blei Splitkeinfabrikken Laila Schou Nilsen & Co. I 1950 gjekk fabrikken saman med Alme og Brodahl til "De Forenede Skifabrikker" og fekk hovudsete på Hønefoss. Bedriften laga og hagemøblar, campingutstyr og seilbåtar. (ref www.industrimuseum.no, Gotaas (2007)).
I 1970 blei Splitkeinfabrikken innlemma i A/S Norske Skiprodukter, som også tok over Bonna Skifabrikk på Geithus. Norske Skiprodukter oppretta ein fabrikk i Canada, og denne produsera Splitkeinski i nokre år på byrjinga av 1970-talet. Ca. 1973/1974 tok Freia AS over lisensen for Splitkein, og skia blei produsera ved ein fabrikk i Tsjekkoslovakia. Kraft General Foods kaupte Freia i 1993, og dermed eigde dei også merkevaren Splitkein. Fischer har pr i dag rettigheitene til produksjon og distribusjon av Splitkeinski, og dei produserer skia ved Fischer-fabrikken. (ref Finor AS, jan 2011).
- Adresse, Norge Oslo (fylke) Oslo Storgt 38
- Adresse, Norge Oslo (fylke) Oslo Brugata 3C
- Adresse, Norge Buskerud H�nefoss
- Profession Skifabrikk Skimakar
- Alternative names Brødrene Østbye De Forenede Skifabrikker ((ifrå 1950)) Splitkein Splitkeinfabrikken Laila Schou Nilsen & Co ((ifrå 1947)) Østbyes Salgskontor
- Nationality Noreg
- DigitaltMuseum Search in «Splitkeinfabrikken»
-
History
- Place of creation Norge Buskerud H�nefoss sikker
-
Produksjon
kabelbinding -
Produsent (K)
Gresvig
-
History
Aksel Gresvig var konkurransesyklist og starta firmaet A.Gresvig i Rosenkrantzgt.1 i Oslo i 1901. Hans visjon var å bringe sporten ut til folket. I 1908 byrja ein beskjeden produksjon av syklar, og den fyrste Diamant-sykkelen så dagens ljos. I 1923 blei Huitfeldts Skifabrikk og sportsforretning kaupt opp, og A.Gresvig eksportera etter kvart ski til Europa og Nordamerika.
Ski- og sykkelfabrikkane flytta til Alnabru i 1939. Gresvig utvikla ein sikkerhetsbinding i 1955. Kandaharbinding til langrenn var den mest bruka turbindingen i 1950- og 60-åra. I 1969 blei G-Sport kjeden etablera, med meir enn 200 butikkar over heile landet.
Ski- og sykkelfabrikken på Alnabru brann ned til grunnen i 1976. I 1997 kaupte Gresvig ASA INTERSPORT-kjeden. (ref nettsida www.gresvig.no, feb 2011)
- Profession Sportsutstyr
- Alternative names G-Sport
- Nationality Noreg
- DigitaltMuseum Search in «Gresvig»
-
History
-
Classification
License information
Metadata
- Identifier NSE.0297
- Part of collection Norsk Skieventyr
- Owner of collection Norsk Skieventyr
- Institution Vest-Telemark Museum
- Date published February 7, 2015
- Date updated February 29, 2020
- DIMU-CODE 021025788607
- UUID a1624eef-07f6-40e2-ab8e-26e55d7b8f2a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».