History
-
-
Snøanker for bruk som sikring mot snøras.
Snøankeret ble produsert av firmaet Ørsta Stål AS, antatt produsert i 2006. Snøankeret kom til NVM våren 2006 og ble vist på SVV kulturdager i juni samme år. Ankeret ser ut til å være ubrukt. Etter kulturdagene ble ankeret liggende igjen, og NVM valgte i 2008 å ta det inn i gjenstandssamlingen.
Følgende opplysninger mottok NVM fra Arnold Hustad, (SVV), den 03.11.2008:
Etter oppmoding skal eg forsøke å fortelje litt om bakgrunn, ide og tanke bak snøankeret.
Snøankeret er ei rassikringsmetode som er utvikla i Sunnmøre distrikt saman med Ørsta Stål As i Ørsta. Det er ei rassikringsmetode som blir kalla støtteforbygging dvs, å halde snømassane fast i losneområdet. Det fungerar i praksis som ein snøfangar på eit hustak. Denne ideen vart delvis utprøvd på rv 63 i snørasområdet Stavbrekka i Oppland fylke våren 2006 på vårrasa som ofte hindrar opning av den elles vinterstengde Geirangervegen. Typisk for vårrasa er at dei losnar heilt ned til berggrunnen.
Resultata frå 2006 var noko blanda: Det fungerte som rassikring men vi hadde ikkje montert snøankera langt nok opp i fjellet slik at der var for store frigjorde flater som kunne utløyse ras. Og ras kom: Den 12. juni vart snø utløyst med resultat at nokre ti-tals snøanker vart lausrevne.
I 2008 vart arbeidet forsett i Stavbrekka der målet var å montere ca 260 snøanker som gjekk lenger opp i fjellet slik at ikkje 2006 hendinga skulle gjenta seg. Omfattande arbeidssikring gjorde at det ikkje vart montert snøanker i år. Då snøen kom i slutten av september måtte arbeidet avbrytast for i år. Rasområdet i Stavbrekka ligg på ca 1350- 1400 m.o.h. Vi reknar med å fullføre arbeidet i 2009.
Snøankermetoden er eit ekspiriment og vi har knytt til oss SINTEF slik at prosjektet får eit snev av seriøs forsking. Vi har som nemnt ovafor konstatert at metoden fungerar som rassikring men det gjenstår å sjå om Stavbrekka er rette staden for metoden.
Stavbrekka ligg som nemnt ca 1400 m.o.h. og det betyr tøft klima og ekstremt kort sesong. Sterk vind, sterk nedbør og nysnøfall gjer at arbeidet må avbrytast. Nettopp dette var medverkande til grunnideen dvs. eit konsept som reduserte feltarbeidet til eit minimum. Kvart snøankere blir festa i ein 24 m.m. wirebolt som er bora 2 m inn i fjellet. Altså; feltarbeidet er berre å borre eit 2 m djup hol for kvart snøanker og så støype desse fast. Det mest unike er monteringa av snøankera til wirebolten med helikopter: Dette tek ca 3 minutt på kvart anker og då blir ankera henta frå rv 63 ca 300 m lavare, flogne opp og montert til ei enkel festordning.(1 stålbolt)
Altså: Den arbeidskrevjande innsatsen er nedlagt innadørs i produksjonslokala til Ørsta Stål AS og er ikkje veravhengig. Derfor er det lagt vinn på og redusere feltinnsatsen til eit minmum. Nettopp dette er vellukka.
Arnold Hustad
(byggeleiar på prosjektet)
Enden på saken ble at alle 254 snøanker ble plukket ned igjen sommeren 2014, da den ønskede effekt ikke ble oppnådd. Dette var et prøveprosjekt og snøanker kan bli benyttet på endre steder ved senere anledinger.
-
Produksjon - 2006 (Antatt av NVM.)
- Produsent Ørsta Stål AS
- Production place Norge Møre og Romsdal Ørsta Møre og Romsdal Ørsta sikker
-
Downloads
- File attachments Artikkel om nedplukka snøanker, avisa GD 25 aug. 2014 88981
Classification
-
- Klima OU 132
- Veier og broer OU 491
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NVM 00-G-02379
- Part of collection Norsk Vegmuseum
- Owner of collection Norsk Vegmuseum
- Institution Norsk vegmuseum
- Date published December 10, 2014
- Date updated April 22, 2020
- DIMU-CODE 021025641248
- UUID b28f6107-98a9-4abe-e044-00144fb7c9c3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».