History
-
- Olav H. Sandsdalen byrja å lage slirer på midten av 1960-talet og heldt på fram til han vart sjuk. Han gjekk truleg ikkje i lære. Knivmakaren Gunnar Tovslid, som var ein venn og kollega av Sandsdalen, fortel at Olav innsåg sine handverksmessige begrensningar og heldt seg til rein sliremaking. Til resten av knivmakinga valde han å kjøpe/byte tenestar av andre.Han gjorde avtaler med ulike som kunne hjelpe med dei ulike delar av produksjonen. Det blir fortald at han averterte etter valbjørk og baud 3000 kroner for kubikken. Så fekk han andre til å spikke skaft for seg, m.a. Johans Manheim og Knut Ansgar Skrede. Knivblad kjøpte han og i store mengder. Hos smeden Sønderål var han storkunde og kjøpte gjerne 100 blad om gongen.Han samla/lånte sliretrykk-modellar og fekk støypt kopiar i messing. Støypinga vart gjort av Anton Kringlegarden, Vinje. Skjering og holking vart òg gjort av andre. Bakstrykkar fekk han mellom anna hjelp til av ein Brennemo i Seljord. Lærkvaliteten var sålelær. Han sydde med relativt stor stingavstand. Hempene var klinka med nite og hempa var splitta med ein enkel splitt. Hempa vart festa til slira med hesjetråd: endane vart stukke inn ovanfrå gjennom leret og krøkt på baksida av slira. Slirene var vanlegvis tofarga, "Mørk brun" narvsverte i mønsteret, "Sort extra" på resten, inkl. baksida. I verkstaden sto ei flaske med lakk, noko som kunne tyde på at han i den siste tida har eksperimentera med å lakke slirene. Olav signera ikkje arbeida sine. Salet skjedde ved at han fekk bestillingar frå folk som hadde høyrt om han, han averterte aldri. Tovslid fortel at kvar han enn fòr så hadde Olav med seg ein berepose med knivar for sal. Knivane var populære, folk lika mønstera og dei var dessutan billege. Dei vart mykje bruka som gåver og til basarar. Sandsdalen er kanskje den i Noreg som har produsera flest slirer, truleg gjorde han så mange som 10 000 stykke. Når det gjeld gangen i arbeidet, så går denne fram av fotodokumentasjonen som blei gjort av Vest-Telemark Museum før verkstaden vart demontera i februar 2005.
Aksesjon: February 3, 2005
- Giver/siste eierSandsdalen, Kolbjørnsikker
- Tilholdssted,Telemark Seljord
- GenderMann
- Other informationSon av Olav H. Sandsdalen
- DigitaltMuseumSearch in «Sandsdalen, Kolbjørn»
Bruk
- BrukerSandsdalen, Olav H.sikker
- Adresse,Telemark Seljord
- ProfessionSliremakar
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Sandsdalen, Olav H.»
- BruksstedNorge Telemark Seljordsikker
Produksjon: 1965 - 2003
Classification
-
- Lærarbeider (Outline - Lærindustri)OU 282.73
References
-
- ArkivreferanseFor fotodokumentasjon: Sjå LB.7935
License information
Metadata
- IdentifierLB.08348
- Part of collectionVTM Eidsborg
- Owner of collectionVTM Eidsborg
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedAugust 13, 2024
- Date updatedAugust 13, 2024
- DIMU-CODE0210214587904
- UUID20396213-85cb-41de-b808-462e03354fd0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».