History
-
Til drakta har det vore skjorte, silketørkle, sylv (halsknapp, to hornringar) og sokkeband, som ikkje er med i denne gåva. Drakta blei brukt med «vanlege bunadsko».
KOMMENTAR:
Drakta går inn i tradisjonen om brudesveinane si drakt ved bryllaup. Mennene som følgde brudgommen hadde si spesielle drakt, på lik linje som brudekonene hadde si spesielle drakt som likna, men ikkje var «brudedrakt». Det skulle vera i tråd med tradisjonen og omtale denne mannsdrakta som «bryllupsdragt» ikkje som «brudgomsdrakt» da den har svart trøye og ikkje blå trøye (jf. NF.1907-0247), lekkje og hatt med hatteklut. Brudgommen hadde i tillegg hat kaarde med kvit klut, som ein kan sjå på Eckerberg sin akvarell frå 1850. Tidlegare eigar har heller ikkje brukt drakta som sin eigen brudgomsdrakt.
Forskjellen på bryllupsdragt og brudgomsdrakt beskrives i 1896: «drakten med stuttbukser ble brukt til bryllup. Med sorte bukser og sort jakke til følgesvennene. Den mannen som var brudgom, brukte en blaa jakke i stedet for den sorte. Han var også pyntet med lekkje, hatt med tørklæde med dusker, kaarde med tørklæde med dusker.» (Blom, Peter: Beskrivelse over Valle prestegjeld, Gjøvik 1896.)
HISTORIKK:
Drakta har vote brukt av gjevarens far, Ove Moripen (08.11.1924-1988). Blete i «Våre vakre bunader» side 86. Då drakta vart laga budde Ove Moripen på Lambertseter i Oslo. Han flytta deretter til Hamar der han var apotekar på Løveapoteket. På Hamar var han med å stifta Folkedanslaget Sølja i 1975.
Drakta blei tilverka i perioden 1961-1963 på initiativ av Ove Moripen.
To drakter blei laga ved dette tilfelle, den andre for Torvald Moseid i Byglandsfjord.
Til forelegg ble bruka NF.1907-0124A Trøye (sort), NF.1907-0124B Bukse, NF.1897-0058 Belte (jf. NF.1906-1520 Belte Tuddal) NF.1907-0125AB Tvislire, NF.1907-0247 Trøye (blå), NF.1936-0144 vest (raud)
Aagot Noss deltok i rekonstruksjonen. Drakten var ferdig til den nordiske dansestevnen «Nordlek» i Oslo 1963.
Utlegg for drakten utan sylv, var 1640.- kr. (Tilsvarer 24000.- kr i år 2023.
• Kufte, bol, skjorte og lue blei sydd av Husflidsutsalet Heimen.
«Saum av trøya, bol, to skjorter og lue. Sysaker farging av fodd og messingknappar kr. 671.-»
• Messingknappar og sylvband frå Corneliussen og Olsen A/S, Oslo
Kufte og bol:
• vyrke av spelsau garn, vevd av Forsøksverkstedet ved Statens kvinnelege industriskole. «Vyrke til trøye og bol frå S.K.I. kr 214.-»
(Ove sin kone Liv Moripen var tilknytta Forsøksverkstedet på en eller annen måte. Bild se «Våre vakre bunader» side 80.)
• Sølvknappar frå Ingebret Sevik & Co, Arendal «Sølvknappar til vesten kr. 105.-»
Knebukse/broka:
• Ufarga stoff frå Sigrid Kjelleberg Johanssen i Valle, farga i et fargeri som Heimen hadde
kontakt med.
«Fodd, pris i Setesdal (Innbrotspris) kr. 125.-»
• Sydd av «skreddar Gjengedal
«Saum av brok 100.-»
Sannsynleg skreddar Magnus Gjengedal (16.10.1909-05.11.1994), Oslo
Lue:
• «Etter en modell som ligg i Heimen»
Belte
• Modell etter belte utlånt frå Norsk Folkemuseum, laga av Ådne Haugen, Oslo. Signera «ÅDNE 63» «Bunadsbelte (etter ikkje tariffmessig timeløn!) 400.-»
Kniv:
•T vislira, signera på beltefestet med bumerke og teksten «JOAA 1988»
Strømper:
• 2 par strikka strømper. Strømpemønsteret fra Bykle (skaffa av Moseid) krotasokkmønster. «Garn til to par bunadsokker 25.-»
Store Norske Leksikon nevner Moripen sin drakt i teksten om «Setesdalsbunad (mann)»:
«De lange buksene kom inn midt på 1800-tallet og avløste de eldre knebuksene. Det er først og fremst siste ledd i draktskikken som er videreført, også for menn. Et unntak var Ove Moripen, som fikk rekonstruert ei gammel brudgomdsdrakt fra Setesdal med utgangspunkt i draktskikken fra før 1850. Noen bunadbrukere har fått lagd seg bunader i stil med den Ove Moripen fikk kopiert, men da i litt enklere varianter.»
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierSET.11356
- Part of collectionSetesdalsmuseet
- Owner of collectionSetesdal
- InstitutionSetesdalsmuseet
- Date publishedJanuary 18, 2024
- Date updatedFebruary 13, 2024
- DIMU-CODE0210214187898
- UUID97e04a35-b50a-40b8-adca-df98f58c8e80
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».