History
-
-
Martin Sælid (1899-1978) reiste på kryss og tvers i Valdres og kjøpte gamle gjenstandar. Han samla på alt som var gammalt, som våpen, myntar, sølv, spenner, knappar, bollar, kister, auser, bøker, kle og skinngjenstandar. Martin førde nøye oversikt over alle gamle gjenstandar han eigde, og han var oppteken av å få med namn på tidlegare eigarar og andre historier knytt til gjenstandane. Han teikna skisser og skreiv sirleg inn opplysingane i bøker.
Sælid var engasjert i drifta ved Valdres Folkemuseum. Han var m.a. styremedlem i 30 år, aktivt med å sette opp mange av dei antikvariske husa, og han lærde opp nye omvisarar om somrane. Han fekk museets gullmedalje for denne innsatsen.
I 2012 gav familien store delar av gjenstandssamlinga Martin Sælid etterlot seg til Valdres Folkemuseum. Til saman består gåva med stort og smått av bortimot fire hundre gjenstandar.
-
References
-
- Litteraturreferanse Noraker, A. M., 2013. "Martin Sælid". Avisa Valdres, 12.10.2013.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF 19215
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published February 1, 2023
- Date updated February 1, 2023
- DIMU-CODE 0210213234431
- UUID 7C7C8C82-CE5D-4724-AFAD-3173232E49F2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».