History
-
-
Båt til brugdefiske i hav- og kystområde i Hordaland. Bygd på 1800-talet. Denne båttypen er utvikla særleg for å fangsta etter brugde. Fangstmetoden var harpunering. Det einaste fiskarane var interessert i på brugda var levra, eller rettare sagt olja som blei kokt ut av levra. Ei stor brugde hadde ei lever som kunne fylla 25 tønner. På fine sumardagar kan ein sjå brugda ligga å symje i vassloket. Det einaste ein ser er ei ryggfinne som stikk opp or sjøen, som eit lite segl. I båten, som vanlegvis vart rodd av tre mann med basen akter, hadde dei harpun (brugdeskytel) med so lang line at dei kunne rekkja til botnar på 2-300 famnar. So hadde dei ei lense, kniv og øks.
Lensa hadde egg på båe sider og var omlag 1½ alen lang, med eit skaft på 4-5 alen. Kniven var ein alen og skaftet 8-10 tommar. Lina som var festa til harpunen måtte ringast særs fint opp, so ho ikkje kom i vase då ho fòr ut. Såg dei brugda, rodde dei eller sigla slik at ho kom i kjølvatnet, og so lenge båten gjorde litt fart fylgde brugda etter. Dei minka på farten etter kvart, og når dei kom nær nok bad basen dei hamla og brugda kom kloss til roren. Basen stod klar med skytelen, men først når han såg ein ljosare flekk bak øyrebeinet rende han til alt han orka. Etter treffet sette brugda nedover i sjøen med stor fart, og dei måtte passa seg for ikkje å koma nær lina. Ein mann stod klar med øksa om noko skulle setja seg fast. Brugda gjekk heilt til botnar og så sakka det litt på lina.
No kunne ein setja fast, og det kunne verta ein god slepetur før dei kunn efå hala inn. Etter kvart spakna brugda og dei kunne hala inn. Det var ein hard jobb å få henne i vassloket. Først hala dei fram so dei fekk hogd sporden av med lensa. Sidan stakk dei brugda, men ikkje so at det gjekk inn i sjølve fisken. Om ei tid la ho seg over på ryggen. Då hala dei henne langs sida og sette tog om henne framme og bak. So skar dei med kniven eit hol på brugdemagen nett bak øyrebeinet, so stort som ein tunnebotn. Ein av mennene drog so hua han hadde under sydvesten ned over munnen og kraup inn i brugda, og skar av levertoga med kniven. Mannen vart dregen inn i båten att og basen spretta opp brugdemagen me dlensa, og dei andre stod klar med toga for å la gå. So snart det kom sjø inn i brugda so sokk ho, men levra flaut opp. Dei hogg henne i store beter med lensa og velte dei inn i båten. Det var god pris på lever og tran i den tida, og dei som hadde brugdebåt gjorde det ofte godt.
-
Bruk
- Brukssted, sikker Norge Hordaland Fjell Ågotnes
-
Produksjon - 1800 — 1900 (1800-talet)
-
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HOM12918
- Part of collection Hordamuseet
- Owner of collection Hordaland
- Institution Hordamuseet
- Date published January 28, 2023
- Date updated January 28, 2023
- DIMU-CODE 0210213228835
- UUID 71E8B266-7BE6-4711-B8EF-57EFAD4BAEC1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».