History
-
-
Trugar bruka på Sudpolen av Roald Amundsen på ekspedisjonen i 1911. Desse har vore i familien i ein god del år, kom frå ein slektning i Trøndelag som kjøpte og samla på antikvitetar. Ved dødsboet etter Sveinung A. Groven har systrane Ingebjørg Groven og Gudrun Skogheim blitt enige om at desse trugane skal gjevast som gåve til Norsk Skieeventyr AS.
Informasjon frå Halvor Kleppen 04.04.23:"Eg har vist vedlagte bilde av truga som kunne vera signert av Roald Amundsen til Anne Christine Jacobsen, dotterdotter til Gustav Amundsen som var yngstebroren til Roald A. Anne Christine er den som har representert familien både på Sudpolen og andre stader i verda der det var feiring av polarhelten. Far hennar heitte og Gustav, kalla Goggen, og han var aktiv til bygginga/gjennomføringa av museet på Svartskog.
Anne Christine er ikkje i tvil: signaturen er ekte og truleg har truga blitt laga av Bjåland (kanskje fleire par) og ho trur dette er ei gåve til Olav signert den dagen dei gjekk frå FRAM inn på isen til Framheim fyrste gongen. I følgje dagbøkene er det den einaste gongen dei brukte trug. Anne Christine (snart 80) har mange av tinga etter Amunsen i familien, privat, og av brev og diplomar dei har er ho ikkje i tvil:
desse truga er signert av Roald Amundsen."
-
Classification
License information
Metadata
- Identifier NSE.1089
- Part of collection VTM Eidsborg
- Owner of collection VTM Eidsborg
- Institution Vest-Telemark Museum
- Date published January 24, 2023
- Date updated April 5, 2023
- DIMU-CODE 0210213222310
- UUID 2c64c0a3-59d0-445b-b5c8-179dd86a924a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».