History
-
Småbruket Bakken
Nordgårdsbakken, eller berre Bakken, har vore ein husmannsplass under Nordgård nordre frå tidleg på 1800-talet. I 1914 gifta Johannes Nordgård seg med og Ingrid Lillevestre, og dei tok over Bakken. Dei fekk ingen born. Bakken var da eit sjølvstendig småbruk med 57 daa dyrka mark og 10 daa skog. Det vart bygd ut på 1930-talet og familien livnærte seg på bruket fram til 1980, da Johannes døyde. Ingrid flytta derifrå i 1987, og døyde i Binde i 2002.Bakken er eit heilt intakt småbruk frå perioden 1930-50. Småbruket utfyller ein del av vår lokale landbrukshistorie. Kufjøs, låve og stall har ikkje vore endra på etter 2. verdskrig. Innreiinga er intakt, og uthusa er tilpassa 1 hest, 5-6 kyr, kalvar, gris og høns. Garden hadde aldri traktor, så all reiskapen er tilpassa hesten. Alle daglege hjelpemiddel, utstyr og maskiner, inne som ute – er tatt vare på.
Stiftelsen Bakken
I 1989 oppretta Forr historielag, Stod bondelag og Steinkjer museum Stiftelsen Bakken. Målet var å ta vare på småbruket for framtidige generasjonar som eit levande kulturminne.
Etter mange år med iherdig arbeid med vedlikehald, innsamling og formidling, starta arbeidet med å avvikle stiftelsen i 2019. Arbeidet vart for stort og interessa for liten. Ressursane strakk ikkje til, og avvikling vart einaste utveg.
Forr historielag har kontakta Egge museum med spørsmål om å overføre delar av gjenstandssamlinga til Egge.
Classification
-
- Presse (Outline)OU 204
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierEGG.17329
- Part of collectionEgge museum
- Owner of collectionEgge museum
- InstitutionEgge Museum
- Date publishedNovember 3, 2022
- Date updatedNovember 3, 2022
- DIMU-CODE0210212353444
- UUIDa93359d6-3e8c-4633-9113-d94de7f8445f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».