Eldstaden frå Dysvikja
Ei gruppe menneske heldt til i Dysvikja på Fjørtofta i gamle Haram kommune for nesten 8000 år sidan.
Etter som tida gjekk, vart buplassen overgrodd. Havet s ...
Eldstaden frå Dysvikja
Ei gruppe menneske heldt til i Dysvikja på Fjørtofta i gamle Haram kommune for nesten 8000 år sidan.
Etter som tida gjekk, vart buplassen overgrodd. Havet steig og skylte sand og stein innover land. Ein tjukk strandvoll av stein og grus danna seg over buplassrestane.
Tusenåra gjekk, og havet trekte seg tilbake. Med tida danna det seg ei tjukk myr som dekte strandvollen.
Spora av buplassfolket i Dysvikja som ein gong sat ved bålet og steikte hasselnøtter på glørne, låg gøymt under myra i 8000 år.
I 1972 vart det oppdaga flintbitar og trekol i raskantane i ei dreneringsgrøft i Dysvikja. Ei arkeologisk utgraving på staden avdekka fleire reiskap og eldstadar 2 m under bakken.
Ved eine eldstaden låg der nøtteskal. Eldstaden vart frakta i si heilheit til Sunnmøre Museum. (Informasjon frå SPOR- utstillinga)
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».