• Forkle.
Handsydd. Hovudstoffet er tynt, jaquardvove ullstoff med brun renning og svart innslag.
Ei stoffhøgd med jarekant i båe sider.
5,4 cm høg linning av svart, lerretsvove og lett valka ullstoff. Kan vere heimevove.
Vrangsydd til overkanten, bretta over og sydd ned med prikkesting på retta. Bretta rundt, og sydd ned med faldesting på vranga. Sårkanter i endene, sydd saman med kastesting.
Faldelagt inn til 31,5 cm breidd, med 8 faldar på kvar side, som er lagde inn mot eit ca. 7,5 cm breidt, glatt midtstykke.
10,5 cm høg skoning av mørkeblå, nokså tynn og mjuk stykkfarga, kypertvoven vadmål, som er sydd ned med små faldesting. Skoningen er skøytt i hop av tre stykker, som er samansydde med kastesting. 
3,4 cm breidt silkeband med fiolette blomar, grøne blad og blå knoppar på svart fløyelsbotn. 
Bandet er montert oppå ein 3,9 cm høg, kvit tyllknipling, der kantlykkjene stikk ut på kvar side av bandet.
Bandet er sydd fast med små faldesting, som går tvers gjennom skoningen, og dermed festar denne.
0,5 cm brei rulorkant av raudt ullklede, sydd ned med små prikkesting på vranga. 
Ruloren og bandet er lagde i vinkel i hjørna, og går 10 cm oppover sidekantane. Det er sydd nokre prikkesting tvers gjennom alle lag av nedrekanten midt foran, lagt dobbelt, for å lage ein permanent brett.
Det er bruka brun/ubleikt lintråd. Forklestoffet har nokre flekkar og hol, verkar nokså skøyrt.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to