History
-
Felemakar Sigurd Øverås f. 22.04.1892 i Bakken under Øverås gnr. 77 i Nesset, d. 14.07.1978 i Kristiansund. Han var sløydlærar i Kristiansund. I Bjarne Skorgen: «Gards- og ættesoge for Nesset», bind 6 s. 412, står det at han var «felemakar, spelemann og slåttesamlar. Han hdde fleire utanlandsstipend, og i 1963 fekk han kongens fortenestemedalje for arbeidet sitt med folkemusikk.»
Han laga feler frå 1920-åra til slutten av 1960-åra. I ei fele datert 1966, står det «No 678», Eigar 2021: Bergtor Gjerde, Molde.
Det er likevel uklart om han verkeleg laga nærare 700 feler, for mange har berre eit fåtal og ikkje noko nummer.
Fela han laga til Knut Hansen Neraas i 1928, har ikkje nummer. På ein lapp inne fela står:
«Sigurd Øveraas. Violinbygger og felemaker. Kr.sund – 1928. Nybygging av violiner, hardingfeler, celloen og gitarer. 1steklasses reparasjonsverksted».
Knut Neraas, som voks opp på plassen Teigen under Nerås, gnr. 76/2, var 24 år eldre enn Sigurd, og det var Knut som var Sigurd sin første læremeister og inspirator på dette området.
I Bjarne Skorgen: «Gards- og ættesoge for Nesset», bind 6 s. 193 er Sigurd sitert slik: «I Eresfjord var det mange feler då eg var ung, og ikkje så få bygdaspelemenn. Vegsambandet var ikkje så rart, så bygda hadde berre sin eige å lite på i musikkvegen òg. Men det var nok, og den gongen var det reine høgtida når naboane samlast om kveldane i stova og spelemannen tok fram fela. Vi gutane hadde vår spelemann framom dei andre, og det var han Knut Teia, Nerås. Det var noko rart med spelet hans Knut, fela liksom tala til oss alle. Knut var smed, og det var helst fullt i smia av naboane, mest karar sjølvsagt. Men det var ikkje sjeldan at ei eller ana kone hadde ærend for å spørje etter sigden sin – om han var ferdig.
Jau, det var høgtid i smia, og for oss gutungane like mykje utafor. Tett inntil veggen låg desse små gutungøyro og lydde. Knut heldt fela i albogelykja, som vi sa, og fela rulla i handa etter som som stolen var kuven. Bogen var styggeleg lang, og han bruka heile lengda, den karen. Han var òg sværandre god til å lage munnharper, og vi gutane fekk mang ei harpe denne godlynte Knut.»
Det som her blir fortalt, er frå den tida Knut budde på Teigen under Nerås. Han gjekk i smedlære i Kristiansund. Han gifta seg med Kristine H. Oppigård i 1907, og budde på Utigardsgjerdet i Eikesdalen, deretter på Veblungsnes før han bygde på Lundmo i kring 1920.
Aksesjon: September, 2021
Produksjon: 1928
- ProdusentØverås, Sigurdsikker
- Adresse,Norge Kristiansund
- ProfessionFiolinmaker
- GenderMann
- NationalityNorsk
- DigitaltMuseumSearch in «Øverås, Sigurd»
- Production placeMøre og Romsdal Kristiansundantatt
Classification
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierR.16586
- Part of collectionRomsdalmuseet
- Owner of collectionMøre og Romsdal
- InstitutionRomsdalsmuseet
- Date publishedDecember 14, 2021
- Date updatedFebruary 26, 2022
- DIMU-CODE0210211475555
- UUIDc1442d51-f89f-408c-aa5b-a1d835323293
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».