History
-
-
I 1900 vart tuberkuloselova innført. Målet med lova var å førebyggje sjukdomen gjennom å pålegge smitteberarar å underlegge seg behandling. Det vart derfor etablert sanatorium og tuberkuloseheimar over heile landet.
Distriktslegen i Kviteseid, Johan Marius Heidenreich, tok initiativet til å etablere eit tuberkulose sanatorium i Kviteseid. Han fekk fleire med seg, og fekk tilskot frå kommunar, bankar og private. Det blei vald ei fylkesnemnd til å arbeide med etableringa, og i 1912 kjøpte dei ei tomt frå Tore Vaa bortanfor Øvre Midtsund.På den tida var frisk luft frå skog og mark det medisinske rådet, og derfor passa tomta i skogkanten godt. Prislappen var 500 kroner, huset stod ferdig i 1914, og fekk det offisielle namnet Granlien tuberkulosehjem.
I 1950og 60-åra blei tuberkuloseheimane rundt i landet avvikla. Slik gjekk det også med tuberkuloseheimen i Kviteseid. I 1950 vart Granlien tuberkuloseheim gjeven i gåve til Kviteseid helselag.Helselaget skulle gje hjelp til dei som trong det mest i samfunnet. Den fyrste tida gjekk mykje av pengane til opphald på Granlien tuberkulosehjem, medisinar og opphald på sjukehus. Då Granlien tuberkuloseheim vart gjeve i gåve til helselaget var det på vilkår om at det blei drive som heim for åndssvake, alternativt som rekreasjonsheim for slitne husmødre. Granlien vart heim for psykisk utviklingshemma kvinner, og var det heilt fram til HVPU-reforma. Etter 1992 har Granlien vore aktivitetssenter for psykisk utviklingshemma, rusarbeid,psykiatri m.m. Telemark fylkeskommune sto bak drifta fram til 2005. Deretter blei drifta overtatt av NKS Granlien AS. Dette selskapet vart avvikla i 2017. I 2018 selde sanitetsforeningen eiendommen.
-
Classification
-
- Biler (Outline - Befordringsmidler) OU 493.5
- Lek og spill (Outline) OU 524
- Barndom (Outline) OU 855
License information
Metadata
- Identifier LB.11693
- Part of collection Øyfjell bygdetun
- Owner of collection Øyfjell Bygdetun
- Institution Vest-Telemark Museum
- Date published November 23, 2021
- Date updated May 10, 2022
- DIMU-CODE 0210211431241
- UUID 11519EF9-8747-4405-AB58-9BCBE9E2AA39
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».