Hauge har omsett fleire dikt av Hölderlin, noko denne boka ber preg av. I tillegg til mange margnotat og understrekingar har Hauge markert rytmen i fleire av dikta. 14. februar 1958 skriv Hauge om den tyske diktaren i dagboka si:
"I dag har eg lege i sengi og set litt på Hölderlin att; eg har lenge havt hug å setja sume av dikti hans um, men eg har vore uviss korleis eg skulde stella meg til formi hans. Dei stutte dikti hans er som oftast skrivne i eit halvt klassisk versemål; det er lett nok å skandera dei, men det er vanskeleg å få naturleg norsk i den rytmen. På ei onnor side misser dei lett dette vyrdelege, inderlege når ein ikkje har med den rytmen dei har. Ein millomveg vore vel rettast. Rettast er å lata dei ha fred; dei som ikkje vil lesa Hölderlin på tysk, kan ha det so godt –"
Photo:
Dyrnesli, Ådne
/
Nynorsk kultursentrum
* Depicted object has its own license