Baruch de Spinozas verk Etica i engelsk omsetjing. Eksemplaret har vore i diktaren Olav H. Hauge sitt eige og han har skrive ei rekke sitat frå andre filosofar inn i boka. I nokre delar av boka er det marginalia som viser at Hauge lese innhaldet. Mellom permane er det også utklypp frå aviser eller tidsskrift i tillegg til hanskrivne brevark.
Spinoza er nemnt 23 gongar i dagboka til Hauge. Den mest positive omtalen av filosofen er gjerne denne:
"SPINOZA OG PSYKOLOGANELes Spinoza i staden for moderne psyko-logar. Eg skal ikkje gjera meg til av at eg skynar denne mannen, menmange av aksiomi hans kan eg forstå, og elles merknadene han har skrivetil dei, um kjensla og lyst, hat og skam. Etikker ei gullgruve, ei av deialler rikaste kunnskapsbøkene um den menneskelege natur. Eg kom yverdenne setningen i dag, (nr. LVI (56) i fjerde parten): «The greatest prideor dejection indicates the greatest weakness of mind.»Lesnad av Spinozas 3dje og 4de delar av Etikksegjer deg ikkje lite umkjenslelivet. Dette kan vera til nytte når du les Eliots kritikk. «Emotion»er nemleg noko av det han likar minst i lyrikk. Sjå Hulmes Speculationsum skilnaden millom romantikar og klassikar" (Hauge 2000, bd. II, s. 626).
Photo:
Nynorsk kultursentrum
* Depicted object has its own license