Sigrid Aspholt (1901–1995) frå Hedalen tok lærarutdanning i 1924 og var på 1930-talet «ambulerande handarbeidslærarinne» i 15 skulekretsar i Sør-Aurdal. For å koma seg rundt gjekk ...
Sigrid Aspholt (1901–1995) frå Hedalen tok lærarutdanning i 1924 og var på 1930-talet «ambulerande handarbeidslærarinne» i 15 skulekretsar i Sør-Aurdal. For å koma seg rundt gjekk ho på ski, på beina eller sykla – eller ho fekk skyss med mjølkeruta eller andre på farten. Seinare var ho lærarinne både på Toten, i Hedalen, Drangedal, Jostedalen og Finnmark, fordi ho «ville oppleva noko nytt». Aspholt var vegetarianar og åt helst råkost. Ho la ned ein stor innsats i eigen hage og i lokalt frivillig arbeid. For Valdres bygdebok skreiv Sigrid ein lang artikkel om klede og kvinnehandverk i Sør-Valdres. Ho gjekk systematisk til verks og søkte grundig i skifteprotokollar og andre kjelder, intervjua ei rekke eldre lokale kvinner, tala med fagfolk og samanlikna plagg og tekstilar på musea og i private heimar. I 1985 fekk ho Sør-Aurdal kommunes kulturpris. Biletet er teke i hagen heime i «Kvila».
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».