Ysting og kinning på Haglund-setra, Skålvassåsen, 1938.
Om sommaren gjekk dyra på beite i fjellet. Dei fleste gardane i Hedalen hadde ei seter der budeiene stelte og laga vinterforsyning av smør, ost og prim. Budeia hadde som regel mang ...
Om sommaren gjekk dyra på beite i fjellet. Dei fleste gardane i Hedalen hadde ei seter der budeiene stelte og laga vinterforsyning av smør, ost og prim. Budeia hadde som regel mange kyr å stelle, ofte fleire enn dei som stod på bås heime om vinteren. Arbeidsoppgåvene var mange. Ho stelte fjøset og mjølka kyrne kvar morgon og kveld. Så separerte ho mjølka og nytta det meste av fløyten til å kinne smør. Skummamjølka nytta ho til å yste ost. Fyrst vart kvitosten teken opp, så kokte ho mysa vidare til brunost eller prim. Budeia var anten gardkjerringa sjølv eller ei innleigd budeie. Dei historiske spora i fjellet gir i dag eit bilete på kor viktig utmarka har vore som levegrunnlag og kvinnearbeidsplass. Dei gir òg eit bilete på kunnskap som er i ferd med å gå tapt, om eit nøysamt liv der folk laut klare seg med svært lite. Biletet er frå Skålvassåsen i 1938 og viser Sigrid Dokkehaug (1882–1943) og dottera Guri Lie (1922–2020).
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».